mini|Topografisk kart over Livingston Island, Greenwich, Robert, Snow og Smith Islands. Charrúa Ridge er ein isfri klipperik rygg med ei høgd opp mot 333 moh. langs nordaustkysten av Johnsons Dock på Hurd Peninsula på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Han er smal og stupbratt og strekkjer seg 700 m i ein vest-nordvest til aust-søraust retning. Han er knytt til Castillo Nunatak via Charrúa Gap. Han ligg oppom Contellbreen i nord, South Bay i vest, Johnsons Dock i sørvest og Johnsonsbreen i sør. Han dannar eit kjent landemerke i området mellom den spansk antarktisbasen Juan Carlos I og den bulgarske antarktisbasen St. Kliment Ohridski.

Fjellet er kalla opp etter «Charrúa», eit av skipa under den argentinske antarktisekspedisjonen i 1947–48, og namnet «Monte Charrúa» vart nedskrive på argentinske marinekart frå 1954.

Toppen av ryggen ligg vest for Krum Rock, 2,9 km vest for Castillo Nunatak og 2,5 km nordvest for Napier Peak.

Kjelder SCAR Composite Gazetteer of Antarctica.

Kategori:Ryggar på Livingston Island Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter skip