mini|Holemåleri i Bunjil Shelter i Black Range i Australia. mini|Holemåleri av bison frå Altamira. mini|Holemåleri av ridande menneske i Bhimbetka i India.

Hòlemåleri er bergkunst frå førhistorisk tid laga på veggar i hòler og hellerar. Slike måleri er kjende frå store delar av verda, og nokre av dei er fleire titals tusen år gamle. Dei er dermed blant dei eldste kunstverka i verda.

Til forskjell frå bergkunst i det fri, er hòlemåleri verna frå vêr og vind, slik at fargepigment held seg ved like. Svært ofte er det raud oker blanda med eit bindemiddel som er brukt, men måleria kan også innehlada gul oker, kol, hematitt og manganoksid. Dyr er svært ofte motiv for mange hòlemåleri, og noko sjeldnare menneskefigurar, hender eller abstrakte figurar. Ein finn ofte hòlemåleri i hòler som ikkje blei brukt som bustad og ofte var litt utilgjengelege.

Historie thumb|Solsemhòla vart oppdaga i 1912. Dei eldste kjende hòlemåleria er over 40 000 år gamle. Måleri frå Cueva de Nerja i Spania er tidfeste til å vera laga for mellom 43 500 og 42 300 år sidan gjennom karbondatering av kolavsetjingar på golvet. I Cueva de El Castillo har kalsittavsetjingane på eit måleri datert det til å vera meir enn 40 800 år. Desse eldste europeiske holemåleria blei laga under den siste istida. Dette var ei tida då Homo sapiens kom til Europa, men også neandertalarar levde her. Det har derfor vore spekulert i om neandertalarar lagda nokre av måleria, eller om alt blei laga av moderne menneske. Andre særs gamle hòlemåleri i Europa er i Lascaux, La Marche og Chauvet-Pont-d'Arc i Frankrike og Altamira i Spania. Desse verka er mellom 20 000 og 30 000 år gamle. Undersøkingar av Altamira-måleria viser at dei blei lagde til av ei lang rekkje menneske gjennom fleire tusentals år.

Ein kjenner også fleire eldgamle hòlemåleri i Australia. Kolmåleri i Nawarla Gabarnmang er blitt karbondert til 28 000 år sidan. Holekunst i Arnhem Land avbildar dyr som ein reknar med har vore utdøydde i over 40 000 år. Dette tyder på at desse måleria kan vera minst så gamle.

Dei eldste kjende hòlemåleria i Afrika er rundt 28 000 år gamle. Dei er funne i Apollo 11-hòla i Namibia. Desse måleria er laga på lause steintavler som jeger- og sankarfolket som laga dei kan ha bore med seg. I nokre delar av det sørlege Afrika laga ein hòlemåleri heilt fram til 1800-talet.

Solsemhòla på Leka vart oppdaga i 1912, som dei første hòlemåleria i Noreg.

Hòlemåleri i verda Døme på funnstader frå heile verda.

Afrika mini|Symjarar i «Symjehola» i Egypt. Wonderwerk-hola og uKhahlamba/Drakensberg park i Sør-Afrika, mellom anna av menneske. Apollo 11-hola og Twyfelfontein i Namibia Oppgjeve av Engelsk Wikipedia. Endagulda i Lake Eyasi-regionen og fleire holer og hellerar i Singida-regionen i Tanzania, mellom anna menneske, våpen og dyr som sjiraff. elefant og antilope.

Laas Gaa'l ved Hargeisa i Somaliland i/ved Somalia. Både villdyr og pynta kyr med gjetarar. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.

Tassili n'Ajjer søraust i Algerie. Fleire tusentals avbildingar av dyr frå fleire tusen år. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.

Akakus, Mesak Settafet, Tadrart i Libya

«Symjarhola» i Gilf Kebir i Saharaørkenen sørvest i Egypt, av menneske som ser ut til å symja.

Amerika mini|Painted Cave i Santa Barbara County i California. Holemåleri knytt til chumashfolk i California, mellom anna Burro Flats Painted Cave og Chumash Painted Cave.

Cumberland Plateau i Tennessee, piktogram.

Serra da Capivara nasjonalpark nordaust i Brasil, mellom anna Pedra Furada.

mini|Cueva de las Manos i Argentina.

Cueva de las Manos ('hand-hola') i Francisco P. Moreno nasjonalpark i Santa Cruz-provinsen i Argentina. Negative hand-stensilar, menneske og dyr som rhea, guanaco og kattedyr, geometriske figurar og sikksakkmønster.

Asia

mini|Bhimbetka-måleri. Bhimbetkaholene inneheld både dei eldste leivningane etter menneskeleg aktivitet i India, og fleire holemåleri laga frå mellomsteinalderen til mellomalderen som viser dyr og ulike hendingar med menneske.

Grensa mot Burma, i Petchabunfjella og ved breidda av Mekong i Nakron Sawan-provinsen i Thailand Gua Tambun i Perak og Niah-holene i Malaysia Maros på Sulawesi (handavtrykk) og Sangkulirang på Kalimantan i Indonesia. Padah-Lin-holene i Burma

Europa mini|Holehyene i Chauvethola.

Lascaux i Frankrike Grotte de Cussac i Frankrike Pech Merle nær Cabrerets i Frankrike La Marche i Lussac-les-Châteaux i Frankrike Chauvethòla nær Vallon-Pont-d'Arc i Frankrike Niauxhòla i Frankrike Cosquerhòla nær Marseilles i Frankrike Font-de-Gaume i Dordogne i Frankrike Altamirahòla nær Santillana del Mar i Cantabria i Spania Cueva de La Pasiega, Cuevas de El Castillo i Cantabria i Spania Coliboaiahola i Romania Maguraholva in Bulgaria. Creswell Crags i Nottinghamshire i England.

Noreg mini|Eit av dei mange hòlemåleria i Fingalshòla, ei hòle i ei fjellside ved Tennfjord i Gravvik i Nærøy kommune i Noreg. Måleria er tidfesta til mellom om lag 1500 f.Kr. og 1000 f.Kr. Hòla og måleria vart kartlagt av Vitenskapsmuseet i Trondheim i 1962 og 1963. Solsemhòla på Leka i Nord-Trøndelag i Noreg, av fleire dansande menneske. Fingalshòla i Gravvik i Nærøy kommune i Noreg Nyleg oppdaga måleri på eit knaus i Espedal Måleria i Geithelleren i Kvinnherad Måleria i Nord-Noreg i Monshòlet, i Trollhòla (på Hamnøya), og i Bølefjordhòla Måleria i Børsteinhølet (feilstava som Brusteinarhølet) i Gildeskål Måleria på Hjartøya ved Bodø 6 ulike målerihòl på Lofoten Måleria på Hindhammar i Tingvoll, Møre og Romsdal Måleria på Revurda nord for Ravnanger på Askøy

Sverige Måleria i Bohuslen, m.a. i Tumlehed på Hisingen Måleria i 8 ulike hòl i Värmland Hästskotjärn i Jamtland Fångsjön i Jamtland Skärvången i Jamtland Måleria i Herjedalen og i Ångermanland (m.a. ved Härnösand og Ramsele) Måleria i nordre Sverige, m.a. i Skellefteå og Jokkmokk i Lappland.

Russland Kapova-hola, au kjend som Sjolgantasj (i Basjkortostan) Akhsjtyrskaia grotte Fandens Port ved Vladivostok Denisovagrotta, der Homo denisova vart funnen Ignats grotte Mezmaiskaia grotte Okladnikovs grotte

Oseania Kakadu i Australia av fisk, skjelpadder, wallaby, pungulv og possum Arnhem Land i Australia, mellom anna av emuaktige fuglar som truleg førestiller den utdøydde kjempefuglen Genyornis Whitsunday Islands i Australia, uvanleg abstrakte bilete

Vitskaplege studiar mini|Peter Wilhelm Lund med holemåleri ved Lagoa Santa i Brasil. Måla av med-teiknaren P.A. Brandts rundt 1840.

Då Marcelino Sanz de Sautuola først oppdaga og holemåleri frå magdalénienkulturen i Altamira i 1879, meinte mange samtidige vitskapsfolk at dei var lureri. Seinare studiar viste at måleria verkeleg var laga i eldre steinalder, og stimulerte til ny interesse for denne tida.

Mange hòlemåleri framstiller dyr. Blant funna i Afrika er det vanlegare med menneskefigurar i bilete enn i kunst frå Europa.. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia. Dei fleste norske hòlemåleria stammar frå yngre steinalder og følgjer motiv og idéinnhald som også er kjende frå veideristingar.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Bergkunst Kategori:Steinalderkunst