Fåvang kyrkje er ei krosskyrkje i Ringebu kommune, Innlandet. Ho vart truleg oppført i 1627–30 og har ca. 170 sitjeplassar.

Fåvang kyrkje vert av og til kalla stavkyrkje, men her er ikkje noko stavverk, så den nemninga er misvisande. Likevel er det brukt materialar frå tidlegare stavkyrkjer i dalen, og den som ser nøye etter, vil finne bumerke og knivristningar på gjenbrukte plankar på nordsida ute og på sørsida innvendig. Det verserer fleire teoriar, men ein veit ikkje sikkert kven som har bygd kyrkja slik ho nå står.

Det sentrale inventaret er i renessansestil. Kristen Listad skar kongemonogrammet (for Kristian VII) i 1789, og somme meiner at han også skar det krusifikset som heng på veggen.

Bakgrunnsstoff

mini|venstre|Fåvang kyrkjestad

Kategori:Kyrkjer i Ringebu Kategori:Kulturminne i Ringebu Kategori:Kyrkjer i Sør-Gudbrandsdal prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1720-åra Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Freda bygg i Innlandet