Kvam kyrkje er ei tømra krosskyrkje i Nord-Fron kommune i Innlandet fylke. Ho vart oppført etter andre verdskrigen og vigsla i 1952, etter at den førre kyrkja brann i aprildagane 1940.

Byggmeister ved oppføringa var Anders Haverstad. Arkitekt Magnus Poulsson teikna både altartavla og preikestolen, medan treskurden er utført av Mathias Fjerdingren og Anders Johnsgard. Døypefonten er av kleberstein. Arkitekten teikna òg altarsølvet.

Ei rekke britiske soldatar fann si grav her, og på kyrkjegarden er ein eigen minnelund for desse med eit monument og namneplater. Ein kvamvær som fall i april 1940, har sitt monument, og på den andre sida av E6 er Kvam fredspark med eit minnesmerke over falne norske soldatar. På kyrkjegarden er det elles mange fine klebersteinsgravminne.

Bakgrunnsstoff

Nord-Fron kyrkjelege fellesråd

Kategori:Kyrkjer i Nord-Fron Kategori:Kulturminne i Nord-Fron Kategori:Kyrkjer i Nord-Gudbrandsdal prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1952 Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Magnus Poulsson