mini|Adolfo Consolini ved rattet, med boksaren Duilio Loi bak. Reklame frå 1958. Adolfo Consolini () frå Costermano i provinsen Verona var ein italiensk friidrettsutøvar som konkurrerte i diskoskasting. Mellom 1946 og -54 vart han tre gongar europameister i øvinga, og olympisk meister éin gong. Han fekk dessutan eit OL-sølv. Consolini var aktiv internasjonalt til han var 43 år gammal. Han døydde i Milano.

Aktiv Consolini vann dei tre fyrste europameisterskapane i diskoskasting som vart arrangert etter 2. verdskrigen. I alle tre meisterskapane; Oslo 1946, Brussel 1950 og Bern 1954 sigra han føre landsmannen Giuseppe Tosi. I 1948 vann han gullmedaljen i diskoskast under OL 1948 i London, også då føre landsmannen Tosi. Consolini prøvde å forsvare OL-tittelen fire år seinare, under OL 1952 i Helsingfors, men måtte nøye seg med sølvmedaljen, slått av USA-amerikanaren Sim Iness. Consolini deltok i alle internasjonale meisterskap til 1960, då sommar-OL gjekk på heimebane i Italia.

Consolini sette tre verdsrekordar, alle i Milano. Den fyrste kom i oktober 1941 med 53,34 m, som han forbetra til 54,23 m i april 1946. Siste verdsrekorden sette han 10. oktober 1948, då han oppnådde 55,33 m, ein rekord som sesongen etter vart slått av Fortune Gordien frå USA. Hans personlege bestekast presterte han i 1955-sesongen og målte 56,98 meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1938 i Paris: Nr 5 - 48,02 m EM 1946 i Oslo: Gullmedalje – 53,23 m, framom Giuseppe Tosi (50,39 m) OL 1948 i London: Gullmedalje – 52,78 m, framom Giuseppe Tosi (51,78 m) EM 1950 i Brussel: Gullmedalje – 53,75 m, framom Giuseppe Tosi (52,31 m) OL 1952 i Helsingfors: Sølvmedalje – 53,78 m, bakom Sim Iness (55,03 m) EM 1954 i Bern: Gullmedalje – 53,44 m, framom Giuseppe Tosi (52,34 m) OL 1956 i Melbourne: Nr 6 – 52,21 m EM 1958 i Stockholm: Nr 6 – 53,05 m OL 1960 i Roma: Nr 17 – 52,44 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Adolfo Consolini» frå , den 4. august 2013.

Bakgrunnsstoff World Athletics Adolfo Consolini ved sports-reference.com

Kategori:Italienske diskoskastarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Italia Kategori:Olympiske meistrar for Italia Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Italia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1948 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1948 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1952 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960