Sámi Áigi (namnet tyder «Samisk tid») var ei samiskspråkleg (nordsamisk) avis som kom ut i Karasjok i tida 1979-1993. Sámi Áigi hadde økonomiske problem i store delar av levetida si, og gjekk til slutt konkurs i mars 1993. Avisa tok til å kome ut då den første nordsamiske rettskrivinga vart vedteken, og spelte ei svært viktig rolle for å få teke den nye rettskrivinga i bruk. Då Sámi Áigi gjekk konkurs vart det grunnlagt ei ny avis, Min Áigi ('Vår tid'), som framhald til Sámi Áigi.
Redaktørar i Sámi Áigi:
Per Olav Porsanger (1986) Bjarne Store Jakobsen (1987-1989)
Kategori:Tidlegare samiske aviser Kategori:Aviser i Finnmark Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Aviser skipa i 1979 Kategori:Aviser nedlagde i 1993 Kategori:Tidlegare norske aviser Kategori:1979 i Noreg Kategori:1989 i Noreg Kategori:Nordsamiske utgjevingar