Ås kyrkje er ei langkyrkje i Ås kommune i Akershus fylke. Kyrkjestaden går attende til mellomalderen, og kyrkja var i si tid den største steinkyrkja i Follo.

Den noverande kyrkja vart teikna av Jacob Wilhelm Nordan og oppført av byggmeistrane Gulbrand Johnsen og Andreas Sand i 1866–67. Kyrkja er av tegl, og veggane er upussa utvendig og pussa inne i kyrkja. Koret er polygonalt avslutta.

I staden for altartavle har kyrkja glasmåleri (1930) av Per Vigeland i korvindauga. Døypefonten i kleberstein er frå mellomalderen, og kyrkja har eit epitafium frå 1682 over Jørgen Harder og hans hustru Helene Jacobsdatter.

Bakgrunnsstoff Sigrid og Håkon Christie: Ås kirke i «Norges kirker»

Ås kyrkjelege fellesråd Akershusmuseet om kyrkja

thumb|left|

Kategori:Kyrkjer i Ås Kategori:Kulturminne i Ås Kategori:Norske kyrkjer frå 1860-åra Kategori:Kyrkjer i Søndre Follo prosti Kategori:Langkyrkjer i Borg bispedømme Kategori:Jacob Wilhelm Nordan Kategori:1867 i Noreg