Bayou Country er det andre studioalbumet av det amerikanske rockebandet Creedence Clearwater Revival, gjeve ut på Fantasy Records i januar 1969, og var det første av tre CCR-album dette året.
Bakgrunn Etter ti år der dei hadde slite med å slå igjennom som The Blue Velvets og The Golliwogs, fekk songaren og gitaristen John Fogerty, broren hans og gitaristen Tom Fogerty, bassisten Stu Cook og trommeslagaren Doug Clifford ein hit med «Susie Q», som nådde 11. plassen på den amerikanske singellista i juni 1968 under namnet Creedence Clearwater Revival. Det sjølvoppkalla debutalbumet deira nådde 52. plassen på den amerikanske albumlista til Billboard. Trass i denne suksessen var det alt no byrja å bli misnøye mellom dei fire medlemmane fordi John Fogerty tok total kontroll over bandet. Fogerty fortalte til Rolling Stone i 1993: «Det var eit punkt der me var ferdig med det første albumet. Alle hadde lytta til mine råd. Eg trur ikkje nokon tenkte for mykje på det. Men då me skulle lage det andre albumet, Bayou Country, hadde mein ein stor krangel. Alle ønskte å syngje, skrive songar, lage sine eigne arrangement, og alt slikt. Dette var etter me hadde slite i ti år. No var med her. Andy Warhol sine femten minuttar i rampelyset. 'Suzie Q' var den største suksessen me hadde hatt. Han var sjølvsagt ikkje så stor, men eg ønskte ikkje gå attende til jobben på bilvaskeriet.»
Komposisjon Bayou Country inneheld ein av dei mest kjende songane John Fogerty skreiv, «Proud Mary», som nådde andreplassen på singellista. I eit intervju i 1969 sa Fogerty at han skreiv songen på to dagar etter han var ferdig med tenesta i Nasjonalgarden. I fotnotane til 2008-utgåva av Bayou Country, forklarte Joel Selvin at riffa på «Proud Mary», «Born on the Bayou» og «Keep on Chooglin'» vart laga av Fogerty på ein konsert i Avalon Ballroom, og «Proud Mary» vart arrangert frå delar av forskjellige songar, mellom ein om ei «vaskekvinne kalla Mary». Linja «Left a good job in the city» vart skriven etter at Fogerty var ferdig i Nasjonalgarden og linja «rollin' on the river» var frå ein film av Will Rogers. I Macintosh-programmet «Garage Band» forklarte Fogerty at han likte Den femte symfonien til Beethoven, og ønskte å opne ein song med ein liknande intro, noko han gjorde på «Proud Mary». I eit intervju med Harold Steinblatt i Guitar World i 1998 forklarte Fogerty at han forstod at songen var den første verkeleg bra songen han hadde skrive. Gitarsoloen på songen skildra han som «meg som prøver å vere Steve Cropper», gitaristen frå Booker T. & the M.G.'s. Songen vart raskt hylla av mange andre artistar. Solomon Burke fekk ein mindre hit med songen i 1969 og ein radikalt omarrangert versjon kom ut på Ike and Tina Turner-albumet Workin' Together i 1971. Bob Dylan sa til Rolling Stone i 1969 at det var favorittsongen hans det året.
I 1970 fortalte Fogerty til Pop Chronicles: «'Born on the Bayou' kunne minna litt om 'Porterville,' om ein mytisk barndom og ei varm tid, fjerde juli. Eg sette han til ein sump der eg sjølvsagt aldri har budd. 'Chasing down a hoodoo.' Hoodoo er ein magisk, mystisk and, som eit spøkjelse eller ein skugge, ikkje nødvendigvis vond, men heilt klart frå ei anna verd. Eg fekk nokre av bileta frå Howlin' Wolf og Muddy Waters.»Finding Fogerty: Interdisciplinary Readings of John Fogerty and Creedence ... - Google Books I eit intervju med Jeb Wright i Classic Rock Revisited sa Stu Clifford: «Favorittsongen min av dei me gjorde var 'Born on the Bayou.' Framleis når eg høyrer den songen så seier eg 'Det er eg som spelar på den.' Det er rart. Songen har så mykje sjel.»
I tillegg fleire av originalsongane til Fogerty, inneheld Bayou Country ein stormande versjon av Little Richard sin «Good Golly Miss Molly». «Keep On Chooglin'», full av seksuelle hint, vart ofte framført som avslutningssongen på konsertane sine.
Mottaking
I ei tidleg melding meinte Rolling Stone at albumet leid av å vere inkonsistent. «Dei bra spora er verkeleg bra, men dei dårlege er rett og slett ikkje gode nok.» Magasinet var positiv til tittelsporet «Born on the Bayou» og «Proud Mary», men meinte resten av songane ikkje var originale nok. Totalt sett rekna dei albumet som «ikkje sterkt nok, men Creedence Clearwater Revival speler med nok entusiasme til at det ikkje blir noko stort problem.» Magasinet skreiv ei ny melding av albumet i høve 40-årsjubileumsutgåva i 2008, og gav då albumet 3,5 av fem stjerner.
AllMusic gav albumet 4,5 av 5 stjerner og Stephen Thomas Erlewine skreiv: «Det opnar langsamt med den mørke og sumpaktige 'Born on the Bayou', og syner Creedence Clearwater Revival som eit overtydande band som har funne røysta si mellom det første og andre albumet. Det er ikkje berre det at 'Born on the Bayou' annonserer at CCR har oppdaga stilen sin - det syner omfanget av myteskapinga til John Fogerty.»
Albumet er med i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.
Albumet selde til gullplate i USA 16. desember 1970, og nådde dobbel platina den 13. desember 1990.
Innhald
Medverkande MusikararHank Bordowitz (2007). Bad Moon Rising: The Unauthorized History of Creedence Clearwater Revival. Chicago, Illinois: Chicago Review Press, Incorporated. p. 69. .Fogerty, J, 2015. Fortunate Son: My Life, My Music. 1st ed. U.K.: Hachette. John Fogerty – sologitar, solovokal, korvokal, munnspel, piano, perkusjon Tom Fogerty – korvokal, rytmegitar Stu Cook – bassgitar Doug Clifford – trommer
Produksjon John Fogerty – produsent, arrangement Chris Clough – samleprodusent George Horn – ommastering Basul Parik – plateomslag Hank McGill – lydteknikar Tamaki Beck - oversyn over mastering Kevin Gray, Steve Hoffman, Shigeo Miyamoto – mastering Joel Selvin – notisar
Salslister
Album Liste (1969)PlasseringCanada (RPM Top 50)14Frankrike (InfoDisc)1US Billboard 2007US Billboard R&B Albums41 Liste (1970)PlasseringUK (The Official Charts Company)62
Singlar År Singel Plassering US Hot 100 UK Top 40Januar1969«Proud Mary»/«Born on the Bayou»28
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bayou Country (album)» frå , den 18. september 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Creedence Clearwater Revival-album Kategori:Musikkalbum frå 1969 Kategori:Fantasy Records-album Kategori:Liberty Records-album Kategori:Bellaphon Records-album Kategori:Album produserte av John Fogerty