«Lodi» er ein song av John Fogerty og framført av det amerikanske rockebandet Creedence Clearwater Revival. Han vart spelt inn i mars 1969 og kom ut i april, fire månader før albumet, som B-sida til «Bad Moon Rising», den første singelen frå Green River.

Songen skildrar ein avdanka musikar som har enda opp i småbyen Lodi (uttalt «low-die»), ein liten jordbruksby i Central Valley kring 110 km frå heimstaden til Fogerty i Berkeley. Etter å ha spelt i lokale barar er forteljaren stranda utan råd til buss eller tog til å komme seg av stad. Fogerty sa seinare at han aldri faktisk hadde vitja Lodi før han skreiv songen, og berre valde staden fordi «namnet høyrtes så kult ut». Songen refererer til byen som ein uinteressant jordbruksby, sjølv om forteljaren ikkje nemner spesifikt kva som er gale med staden. Refrenget i songen «Oh Lord, stuck in Lodi again», har vore temaet for fleire hendingar i Lodi sidan.

Andre versjonar

Songen har vorte spelt av mange andre musikarar som Emmylou Harris, Tom Jones, Bo Diddley, Buck Owens, The Flying Burrito Brothers, Ronnie Hawkins, Smokie, Dan Penn og The Blue Aeroplanes.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lodi (Creedence Clearwater Revival song)» frå , den 17. august 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Songar skrivne av John Fogerty Kategori:Songar produserte av John Fogerty Kategori:Fantasy Records-singlar Kategori:Creedence Clearwater Revival-songar Kategori:Emmylou Harris-songar Kategori:John Fogerty-songar Kategori:Tom Jones-songar Kategori:Buck Owens-songar Kategori:Bo Diddley-songar Kategori:Smokie-songar Kategori:The Flying Burrito Brothers-songar Kategori:Songar om byar Kategori:Songar om California