Alisa (russisk Алиса) er eit russisk hardrockband, rekna som eit av dei viktigaste banda innan russisk rock.
Biografi Alisa vart danna i november 1983 av bassisten Svjatoslav Zadery. Namnet på bandet kom frå kallenamnet til Zadery. Besetninga i bandet var komplett i 1984 då den nye vokalisten Kostja Kintsjov (verkeleg namn Konstantin Panfilov) og gitarist Petr Samojlov vart med i bandet. Debutalbumet Energia vart gjeve ut på det statlege plateselskapet Melodija og selde meir enn ein million eksemplar.
Forholdet mellom dei to leiarane i bandet, Konstantin og Zadery, vart dårlegare og til slutt slutta Svjatoslav i bandet. Dette skjedde berre ein time før Alisa skulle halde konsert. Alisa måtte be Kino bassist Igor Tihomirov om å steppe inn for han på konserten. Seinare skapte Zadery bandet Nateh!. Zadery døydde 6. mai 2011 etter eit slag, 50 år gammal.
Bandet vart stadig meir populært og det vart skapt ein fanskare som kalla seg Alisa-armeen, kjend for den dårlege oppførselen sin på konsertar. Dette førte til fiendskap mellom bandet og sovjetiske styresmakter. I 1987 skulda avisa Smena leiaren i Alisa, Kintsjov, for nazi-propaganda og tilbeding av Hitler. Kintsjov saksøkte for baktaling og sverting av han sjølv. Etter ein eitt år lang rettsprosess måtte publisere ei reinvasking. Det neste albumet til Alisa vart kalla Statja 206 tsjast 2, eit kapittel («hærverk») i den sovjetiske prosseslova, som synte til denne prosessen.
mini|Alisa spelar på Kavarna Rock Fest 2013
Det vart mange endringar i 1988, då gitarist Igor «Tsjuma» Tsjumytsjkin kom med i bandet. Denne endringar vart etterfølgd av ein tyngre stil på dei neste to albuma, Sjabasj (Heksesabbat) og Dlja Tekh, Kto Svalilsia s Luny (Dei som fall frå månen). Alisa turnerte i Europa og Israel i lag med eit anna russisk heavy metal-band, Aria. Albumet Tsjornaja Metka (Svart merke) kom ut i 1994, tileigna minnet til Tsjuma, som tok sjølvmord ved å hoppe ut av eit vindauge.
I det nye tiåret vart stilen til Alisa stadig tyngre med album som Sejtsjas Pozdneje Tsjem Ty Dumajesj (Det er seinare enn du trur, 2003) og Izgoj (Eksil, 2005), med mellom anna element av nu, industrial og heavy metal. Musikkjournalistar omtalte Clawfinger som den største inspirasjonskjelda til Kintsjov. Dette gav Alisa ein ny fanskare i Russland, og tre songar frå Izgoj nådde toppen av NASJE radio-lista. Oppfølgjaren Stat Severa og Puls Hranitelia Dverej Labyrintha var mindre alternative og blanda eldre og nyare stilar. Alisa laga ein song for fantasifilmen Volkodav iz roda Serykh Psov, men songen kom ikkje med på musikkalbumet som følgde.
Alisa er framleis særs populære i Russland og russisktalande land, og rangert blant dei ti mest populære banda innan russisk rock, og vart rangert øvst i lesarundersøkinga til Komsomolskaja Pravda.Группы, которые изменили наш мир — Комсомольская правда
Tekstar og kristendom Kintsjov vart døypt i 1990, og sidan då har kristendomen vore ei viktig inspirasjonskjelde for tekstane hans. Sjølv om tidlege Alisa-tekstar var typiske for russisk rock - med sanfunnsprotestar - har tekstane sidan slutten av 1990-åra hovudsakleg vore baserte på idear frå kristendom, russisk patriotisme og ikkje-politisk kvit nasjonalisme.
Konstantin har eit godt forhold til prestar i den russisk-ortodokse kyrkja, særskild Andrej Kuraejv. Bandet har delteke på mange festivalar til støtte for religion.
Diskografi
Studioalbum Original tittel Translitterert tittel Omsetjing År Кривозеркалье Krivozerkalje Gjennom det boga glaset 1984 Энергия Energija Energi 1985 Блок Ада Blok Ada Blokk av helvete / Blokade 1987 Шестой Лесничий Sjestoj Lesnitsjij Sjette skogforvaltar 1989 Статья 206 часть 2 Statja 206 tsjast 2 Paragraf 206 del 2 1989 Шабаш Sjabasj Heksesabbat 1991* Для Тех, Кто Свалился с Луны Dlja Tekh, Kto Svalilsia s Luny For dei som fall frå månen 1993 Чёрная Метка Tsjornaja Metka Svart merke 1994 Jazz Jazz Jazz 1996 Дурень Duren Tosk 1998 Солнцеворот Solntsevorot Solkverv 2000 Танцевать Tantsevat' Danse 2001 Сейчас Позднее, Чем Ты Думаешь Sejtsjas Pozdneje, Tsjem Ty Dumajesj Det er seinare enn du trur 2003 Изгой Izgoj Eksil 2005 Стать Севера Stat Severa Nordens ynde 2007 Пульс Хранителя Дверей Лабиринта Puls Khranitelja Dverej Labirinta Pulsen til vaktaren av labyrintdøra 2008 Ъ Ъ (Tverdii Znak) Ъ ( Det harde teiknet - russisk bokstav utan lyd) 2010 20.12 (Двадцать Двенадцать) 20.12 (Dvadtsat Dvenadtsat) 20.12 (Tjue tolv) 2011 Саботаж Sabotazj Sabotasje 2012
Sjabasj vart delvis spelt inn live og kan òg reknast som eit konsertalbum.
Konsertalbum Original tittel Omsetjing År og stad Акустика часть 1 Akustisk vol.1 1988, Perm Акустика часть 2 Akustisk vol.2 1985, Leningrad Акустика часть 3 Akustisk vol.3 1988, Pskov Акустика часть 4 Akustisk vol.4 1986, Novosibirsk Шабаш Sabbat 1990, Moskva, На Шаболовке Ved Sjabolovka 1995, Moskva, Sjabolovka Пляс Сибири на берегах Невы Sibirdansen ved breidda av Neva 1997, St. Petersburg, Jubileinyj Мы Вместе XX лет Me er i lag XX år 2003, St. Petersburg, Jubileiny
Samlealbum Original tittel Omsetjing År Red Wave: 4 Underground Bands from the USSR 1986 Легенды Русского Рока Legendar i russisk rock 1997 Энциклопедия Русского Рока Leksikon for russisk rock 2000 13 13 2003
Bandmedlemmar
Noverande besetning Konstantin Kintsjov - vokal (1985 til i dag) Jevgeny Levin - gitar (1998 til i dag) Igor Romanov - gitar (2003 til i dag) Petr Samojlov - bass (1984 til i dag) Andrej Vdovitsjenko - trommer (2003 til i dag) Dmitri Parfjonov - klaverinstrument (2000 til i dag)
Tidlegare medlemmar Svetoslav «Alisa» Zadery - bass, vokal (1983–1985) Andrej Sjatalin - gitar (1983–2003) Mikhail Nefedov - trommer (1983–2003) Pavel «Pol Khan» Kondratenko - klaverinstrument (1983–1988) Alexander Zjuravlev - saksofon (1987–1988) Igor «Tsjuma» Tsjumytsjkin - gitar (1988–1993) Andrej Korolev - klaverinstrument (1989–1993) Alexander Ponomarev - gitar (1996–1998) Boris Borisov - vokal, saksofon (1983) Ljudmila «Teri» Kolot - vokal (1986)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Alisa» frå , den 18. august 2013. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad, på russisk Fan-nettstad, på russisk Bilete av Alisa, på russisk Kort historie med musikklipp , på engelsk Do Rock and Orthodoxy Have Anything in Common?, artikkel på engelsk
Alisa på RussMus.Net: Engelske omsetjingar av tekstar og meir, på engelsk
Kategori:Musikkgrupper frå St. Petersburg Kategori:Russiske rockegrupper Kategori:Russiske hardrockband Kategori:Russiske heavy metal-band Kategori:Kristenrockgrupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 1983 Kategori:Kristenmetal-band