William Hyde Wollaston () var ein engelsk kjemikar og fysikar som er kjend for å ha oppdaga dei to grunnstoffa palladium og rhodium, og for å ha utvikla ein måte å handsame platinamalm til formbare barrar.Melvyn C. Usselman: William Hyde Wollaston Encyclopedia Britannica, retrieved 31 March, 2013

Wollaston praktiserte først som lege og vart i 1793 fellow og i 1806 sekretær i Royal Society. Han oppdaga metalla palladium og rhodium, fann opp kryoforen, camera lucida, goniometer, og han var den første som observerte mørke linjer i solspekteret (fraunhoferske linjer). Han fann opp ein metode å trekkje fine platinatrådar ved å omgi platina med sølv og trekke det heile ut. Sølvet vart sidan etsa vekk i salpetersyre. Slike wollastontrådar med diameter ned til 0,5 μm har store bruksområde i fysikken i dag.

Geological Society utdeler Wollaston-medaljen til særleg fortente geologar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «William Hyde Wollaston» frå , den 20. august 2013. oppgav desse kjeldene:

William Hyde Wollaston. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 20. august 2013.

Bakgrunnsstoff

Rhodium and Palladium: Events Surrounding Their Discoveries

Kategori:Fysikarar på 1800-talet Kategori:Kjemikarar på 1800-talet Kategori:Elevar ved Gonville and Caius College i Cambridge Kategori:Engelske kjemikarar Kategori:Engelske fysikarar Kategori:Optiske fysikarar Kategori:Grunnstoffoppdagarar Kategori:Batterioppfinnarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Copleymedaljen Kategori:Folk frå Dereham Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Royal Medal Kategori:Æresmedlemmar av Royal Society of Edinburgh Kategori:Palladium Kategori:Rhodium Kategori:Fysikarar på 1700-talet Kategori:Kjemikarar på 1700-talet