Zdzisław Hoffmann () er ein polsk, tidlegare friidrettsutøvar frå Świebodzin. Han tevla helst i tresteghopp, ei øving han vart verdmeister i under det fyrste VM i friidrett, i Helsingfors i 1983.

Aktiv Hoffmann er særleg kjend for sine prestasjonar VM i friidrett 1983. Etter fjerde omgangen låg han på andreplass, med same lengde, 17,18 m, som favoritten Willie Banks frå USA. I femte omgang la Hoffmann på til 17,35 m og tok leiinga, før han i siste omgangen pynta vinnarresultatet med ytterlegare sju centimeter. For denne prestasjonen vart han kåra til Årets idrettsutøvar i Polen.

Hoffmann var forhindra frå å delta i OL i 1984 i Los Angeles, då Polen og dei andre aust-europeiske landa boikotta arrangementet. Sin personlege rekord på 17,53 meter sette han i Madrid 4. juni 1985. Sidan makta han ikkje å nå dei aller beste lengdene.

Han vart polsk meister i tresteghopp i 1981, 1983, 1984 og 1989. Hoffmann sin personleg rekord i lengdehopp er på 8,09 m, oppnådd i Warszawa i 1983-sesongen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1980 i Moskva: Utslått i kvalifiseringa – 15,35 m VM 1983 i Helsingfors: Gullmedalje – 17,42 m, framom Willie Banks (17,18 m) VM 1987 i Roma: Nr 12 – 16,58 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Zdzisław Hoffmann» frå , den 23. august 2013. Denne artikkelen bygger på «Zdzisław Hoffmann» frå , den 23. august 2013.

World Athletics

Kategori:Polske tresteghopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Polen Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980