«He Ain't Heavy... He's My Brother» er ein popballade skriven av Bobby Scott og Bob Russell og opphavleg spelt inn av Kelly Gordon i 1969. Songen vart eit år seinare ein stor hitt for The Hollies og igjen same året for Neil Diamond. Han har vorte spelt av mange andre artistar gjennom åra.
Opphavet til songen Scott og Russell hadde møtt kvarandre ved Johnny Mercer, ein nattklubb i California. Sjølv om Russell var dødssjuk av lymfom og dei berre møtte kvarandre andlet til andlet tre gonger, klarte dei å skrive songen i lag.
Opphavet til tittelen The Den første redaktøren i magsinet Kiwanis, Roe Fulkerson, publiserte ein artikkel i september 1924 kalla «He Ain't Heavy, He's My Brother»; men variantar av setninga går heilt attende til minst 1884.
Lister The Hollies-versjonen, som har med Elton John på piano, vart gjeven ut i Storbritannia den 1. september 1969 og den 1. desember 1969 i USA. «He Ain't Heavy» nådde tredjeplassen i Storbritannia og sjuandeplassen i USA. I lag med songen «Carrie», vart songen gjeve ut på singel på ny seint i 1988 i Storbritannia, etter at han hadde vorte nytta i ein fjernsynsreklame for ølet Miller Lite. Denne gongen nådde han førsteplassen i Storbritannia i september 1988.
Neil Diamond-versjonen av songen, spelt inn for albumet Tap Root Manuscript, nådde 20. plassen på Billboard «Hot 100 Singles»-lista seint i 1970.
Liste (1969)PlasseringCanada11Canadian Adult Singles35
The Justice Collective-versjonen
I 2012 vart ein versjon av songen gjeven ut av ei gruppe musikarar og kjendisar under namnet The Justice Collective, med mellom andre Melanie C, Robbie Williams, Paul Heaton, Paloma Faith, Paul McCartney, Gerry Marsden, Kenny Dalglish, Alan Hansen, Rebecca Ferguson og Beverley Knight for forskjellige veldedige hendingar til minne om Hillsborough-katastrofen.
Songen gjekk til topps på julelista det året i Storbritannia.
Singelen gav Melanie C hennar 12 førsteplass på lista i Storbritannia og gjorde ho til den einaste kvinnelege artisten som har klart dette i ein kvintett, kvartett, duo og solo og ei gruppe.
Lister
Liste (2012)PlasseringSpania (Airplay Chart)33
Andre artistar Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Per Gessle, Donny Hathaway, Radka Toneff, Barry Manilow, Paul Carrack, Heine Totland, Bobby Goldsboro, Christer Sjögren, Al Green, Glen Campbell og Cher
Kjelder Denne artikkelen bygger på «He Ain't Heavy, He's My Brother» frå , den 25. august 2013. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Singlar frå 1970 Kategori:Singlar frå 1988 Kategori:Singlar frå 2012 Kategori:The Hollies-songar Kategori:Brotherhood of Man-songar Kategori:Neil Diamond-songar Kategori:Olivia Newton-John-songar Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Radka Toneff-songar Kategori:Barry Manilow-songar Kategori:Paul Carrack-songar Kategori:Al Green-songar Kategori:Glen Campbell-songar Kategori:Cher-songar