«Husbands and Wives» er ein song skrive og spelt inn av den amerikanske countrysongaren Roger Miller. Originalen til Miller frå albumet Words and Music, vart gjeve ut i 1966 og vart ein hit på både countrylista og Adult Contemporary-lista, i tillegg til at han gjekk inn på Topp 40 på poplista. Songen har sidan vorte spelt inn av mange andre artistar, som The Everly Brothers, Ringo Starr, ein duett mellom David Frizzell og Shelly West, og av Brooks & Dunn, som nådde toppen av countrylista med versjonen sin i 1988. Neil Diamond har òg spelt songen.
Innhald «Husbands and Wives» er ein mellomrask vals i F-dur. Forteljaren observerer eit par som er i ferd med å gjere det slutt («Two broken hearts, lonely, looking like houses / Where nobody lives»). Han meiner så at forholdet deira er spent fordi dei to er for stolte («It's my belief pride is the chief cause in the decline / In the number of husbands and wives»).
Roger Miller-versjonen Roger Miller spelte inn songen i 1966 for albumet Words and Music, og gav han ut som den første singelen frå albumet. Singelen nådde Topp 5 på både country- og Adult Contemporary-lista, i tillegg til Topp 40 på Billboard Hot 100. B-sida, «I've Been a Long Time Leavin' (But I'll Be a Long Time Gone)», nådde 13. plass på countrylista.
Lister Liste (1966)PlasseringU.S. Billboard Hot Country Singles5U.S. Billboard Hot 10026U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks2Kanadiske RPM Top Singles14Kanadiske RPM Adult Contemporary10
David Frizzell- og Shelly West-versjonen
David Frizzell og Shelly West spelte inn songen i 1981 for duettalbumet deira Carryin' On the Family Names, og gav han ut som den tredje og siste singelen frå albumet. Versjonen deira nådde Topp 20 på countrylista.
Lister Liste (1981)PlasseringU.S. Billboard Hot Country Singles16Canadian RPM Country Tracks38
Brooks & Dunn-versjonen
Country-duoen Brooks & Dunn spelte songen i 1998 for albumet If You See Her. Med solovokal frå Ronnie Dunn, gav dei songen ut som den tredje singelen frå albumet og han nådde toppen av countrylista i desember 1998. Han nådde òg 36. plass på Billboard Hot 100.
Lister Liste (1998)Plassering
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Husbands and Wives (song)» frå , den 26. august 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1981 Kategori:Singlar frå 1998 Kategori:Roger Miller-songar Kategori:The Everly Brothers-songar Kategori:Ringo Starr-songar Kategori:David Frizzell-songar Kategori:Shelly West-songar Kategori:Brooks & Dunn-songar Kategori:Neil Diamond-songar Kategori:Songar skrivne av Roger Miller