Anders Palm () er ein svensk litteraturvitar og lingvist, som har vore professor i litteraturvitskap ved Lunds universitet. Han har gjeve ut ei lang rekkje bøker innan ulike sjangrar, m.a. ordbøker, litteraturanalytiske bøker og songbøker.Bokliste av Anders Palm hjå Libris
Anders Palm har vore ei viktig drivkraft bak Medical Humanities. Konseptet er i dag ein del av den svenske lækjarutdanninga og inneber å sjå menneskekroppen frå eit humanioraperspektiv så vel som eit medisinsk perspektiv. Medical Humanities gjev lækjarstudentane høve til å bruka kunst, litteratur og musikk for å kritisera lækjarrolla og møta med pasientane. Omgrepet Medical Humanities vert også brukt ved lækjarutdanninga m.a. i USA.
For arbeidet sitt med Medical Humanities vart Anders Palm utnemnd til æresdoktor ved det medisinske fakultetet ved Universitetet i Lund. Utnemningsseremonien fann stad i Lund domkyrkje den 27. mai 2011.
Utvalde verk
Kristet, indiskt och antikt i Hjalmar Gullbergs diktning, 1976 Möten mellan konstarter, 1985 Jag bor vid ett rastställe - Hjalmar Gullbergs landskap i dikt, bild och ton med Lennart Moberg, 1998.
Utmerkingar
Doblougprisen (2003) saman med Mare Kandre.Svenska Akademien: Högtidssammankomst 20 december 2003
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Anders Palm (litteraturvetare)» frå , den 30. august 2013.
Kategori:Svenske språkforskarar Kategori:Svenske litteraturprofessorar Kategori:Svenske forfattarar Kategori:Folk frå Malmö Kategori:Professorar ved Lunds universitet Kategori:Vinnarar av Doblougprisen