Lars Sverkeson Romundstad () var ein gardbrukar og politikar frå Straumsnes på Nordmøre. Han representerte Bondepartiet på Stortinget frå 1928 til 1949.
Romundstad var utdanna frå Møre fylkes landbruksskule skuleåret 1905/06. I yngre år arbeidde han heimegarden Gjengset, eit bruk som han som eldste son overtok frå mor si og dreiv vidare. Perioden 1921-28 var han dessutan kasserer i Straumsnes Sparebank.
Romundstad sat i heradssstyret i Straumsnes frå 1919 til 1934; periodane 1922-28 og 1931-34 var han ordførar. Han var også krinssekretær i Norges Bondelag frå 1919 til 1928, formann i Møre og Romsdal Bondeparti frå 1939 til 1949. Romundstad vart vald inn på Stortinget for landkrinsane i Møre og Romsdal ved valet hausten 1927, og vart sidan kvar gong attvald, siste gongen i 1945. I sin siste periode på Stortinget var han formann i Skog- og vassdragskomiteen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lars Romundstad» frå , den 1. september 2013.
Bakgrunnsstoff Biografi på stortinget.no
Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Stortingsrepresentantar frå Sp Kategori:Ordførarar i Straumsnes Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Tingvoll