«Love on the Rocks» er ein song skriven av Neil Diamond og Gilbert Bécaud frå filmen The Jazz Singer frå 1980 som vart framført av Diamond på albumet til filmen. Han vart gjeven ut som ein singel og nådde andreplassen på Billboard Hot 100 i januar 1981, på toppen låg «(Just Like) Starting Over» av John Lennon. I tillegg til hovudlista nådde han tredjeplassen på Adult Contemporary-lista i USA. Billboard rangerte han òg på 26. plass på den totale lista for 1981. Han gjorde det mindre bra i Storbritannia, der han berre nådde 17. plass. Han vart framført av Gladys Knight på albumet Great Solo Performances by Guest Artists from the Tom Jones Show, Vol. 1. Bécaud spelte inn songen i 1991 for albumet Mon Copain.
Billboard Magazine-kritikaren Vicki Pipkin kalla «Love on the Rocks» ein «mektig ballade i sann Diamond-stil». Billboard kalla òg songen «ein av Diamond sine mektigaste». The Darkness gjorde ei hyllest til songen då dei spelte inn «Love on the Rocks with No Ice» i 2002.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Love on the Rocks» frå , den 3. september 2013. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Neil Diamond-songar Kategori:Songar skrivne av Neil Diamond Kategori:Songar produserte av Bob Gaudio Kategori:Singlar frå 1980 Kategori:Songar frå 1980 Kategori:Gladys Knight-songar