«Heartlight» er ein song skriven av Neil Diamond, Carole Bayer Sager og den dåverande ektemannen hennar Burt Bacharach,[ Allmusic] - A Biography of Neil Diamond og spelt inn av Diamond i 1982. Songen var opningssporet på albumet hans frå 1982, som òg heitte Heartlight. Singelen nådde femteplassen på Billboard Hot 100, og vart den åttande (og siste) singelen hans som nådde Topp 5 i USA. Songen er faktisk òg den siste songen hans som nådde Topp 30. Songen låg òg fire veker på toppen av Adult Contemporary-lista seint i 1982, og var den siste av åtte førsteplassar han hadde på denne lista.[ Billboard Biography]

Songen var inspirert av hitfilmen E.T. the Extra-Terrestrial, som Diamond, Bayer Sager og Bacharach alle hadde sett i lag. Då romvesenet E.T. dreg frå jorda, lyser hjartet hans raudt, og tittelen er basert på dette.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Heartlight (song)» frå , den 3. september 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Songfacts - Heartlight av Neil Diamond

Kategori:Songar frå 1982 Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Neil Diamond-songar Kategori:Songar skrivne av Burt Bacharach Kategori:Songar skrivne av Carole Bayer Sager Kategori:Songar skrivne av Neil Diamond