Årvoll gård er eit gardsanlegg som ligg i Oslo kommune, om lag 15 minutt køyreavstand frå Oslo sentrum. Anlegget har våningshus, hovudbygning, drengestue, stabbur og låve med tilbygg. Dagens bygningar er oppførte i 1836, men sjølve garden er eldre enn det. Skriftlege kjelder viser at han fanst allereie i 1396.Bydel bjerke: Historikk om Årvoll gård
I mellomalderen låg garden delvis under Oslo Domkapitel. Kongen tok over garden etter reformasjonen i 1537. Garden skifta eigarar fleire gonger fram til i dag. Mellom anna vart han seld i 1662 til borgarmeister Nils Lauritssøn. Etter at han døydde i 1665 arva stedotter hans, Maren Jensdatter Roll, garden.Biografi om Nils Lauritssøn i SNL Ingen av husa frå den tida finst lenger. Det eldste huset på Årvoll gård i dag er hovudbygningen frå 1836.
Årvoll gård ligg høgt og fritt med utsyn over Oslo. Garden er i dag eigd av Oslo kommune og blir brukt som ein kulturell og sosial treffstad for innbyggarane i bydelen. Garden blir brukt av frivillige foreiningar, kunsthandtverkarar, husflidslag og kulturkveldar med revy og konsertar.
Den 1. desember 2012 vart Årvoll gård tildelt Olavsrosa av interesseorganisasjonen Norsk Kulturarv.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Årvoll» frå , den 6. september 2013.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Gardar i Oslo Kategori:Kulturminne i Oslo Kategori:Olavsrosa