mini|Jiminy Cricket som syng «When You Wish Upon A Star» i filmen Pinocchio. «When You Wish Upon A Star» er ein song skriven av Leigh Harline og Ned Washington for Walt Disney-filmen Pinocchio i 1940. Den originale versjonen vart sungen av Cliff Edwards som den talande grashoppa Jiminy Cricket, og vert høyrt over opningsteksten og i den siste scenen i filmen. Songen har sidan vorte den representative songen for The Walt Disney Company. «When You Wish Upon A Star» vann Oscarprisen i 1940 for beste song. Amerikanske Library Of Congress tok Cliff Edwards sin versjon av songen opp i sitt National Recording Registry i 2009. I Norden og Japan er songen kjend som ein julesong.

Dette var ein av dei første songane frå ein film som vart gjeven ut på den kommersielle platemarknaden. Han vart først gjeven ut i ei samling på fire plater, og eit år seinare på ei enkel plate i lag med forskjellig musikk frå The Wizard of Oz. Innspelinga med Cliff Edwards og kor vart gjeven ut av Victor Records med katalognummer 26477A (i USA) og av EMI på His Master's Voice med katalognummer BD 821. Edwards spelte inn ein annan versjon i 1940 for amerikanske Decca Records med nyinnspelingar av musikk frå Pinocchio, dirigert av Victor Young og med sopranen Julietta Novis og The King's Men. Ei innspeling med Christian Rub (med stemma til Mister Geppetto), Cliff Edwards og kor vart gjeven ut av Victor Records som katalognummer 26479B (i USA) og av EMI på His Master's Voice som katalognummer BD 823.

Innverknad American Film Institute rangerte «When You Wish Upon A Star» som den sjuande beste songen i filmhistoria, den høgaste plasseringa til ein song frå ein animert Disney-film, og ein av berre fire songar frå animasjonsfilmar frå Disney. Dei andre songane var «Some Day My Prince Will Come» frå Snow White and the Seven Dwarfs (19. plass), «Beauty and the Beast» frå Beauty and the Beast (62. plass) og «Hakuna Matata» frå The Lion King (99. plass).

Songen nådde toppen av Billboard si Record Buying Guide, ein føregangar til singellista deira. Populære innspelingar vart gjort av mellom andre Glenn Miller, Guy Lombardo, Horace Heidt og Cliff Edwards.

I Japan, Sverige, Finland, Noreg og Danmark har songen vorte ein julesong, der stjerna nemnd i tittelen vert rekna som julestjerna. Dette kjem av tradisjonen med å vise Disney-filmar på julaftan. Den svenske versjonen vert kalla «Ser du stjärnan i det blå» og den danske tittelen er «Når du ser et stjerneskud». På norsk er songen omsett med titlar som «Stjernen i det blå», «Ser du stjernen i det blå?», «Når en stjerne faller» og «Ønskestjernen».

Disney-ikon mini|Disneyland med fyrverkeri «When You Wish Upon A Star» har i lag med Mikke Mus vorte eit ikon for The Walt Disney Company. I 1950- og 1960-åra nytta Walt Disney songen i opninga av alle utgåver av Walt Disney-serien. Han har òg vorte nytta under opningslogoen til Walt Disney Pictures sidan 1980-åra. Skipa til Disney Cruise Line nytta dei første sju tonane i songen som fløytesignalet sitt.

Innspelingar Songen vart òg gjeven ut av Dion and the Belmonts i 1960.

Han vart spelt inn av Kiss-medlem Gene Simmons på soloalbumet i 1978.

I 1986 spelte Linda Ronstadt inn songen for det populære albumet For Sentimental Reasons. Han vart gjeven ut som den første singelen frå albumet, og nådde 32. plass på Billboard Magazine si årsliste for 1986.

Billy Joel framførte songen i 1991 på konsertvideoen Simply Mad About the Mouse: A Musical Celebration of Imagination og det tilhøyrande konsertalbumet.

I 1995 spelte Alvin and the Chipmunks og The Chipettes inn ein versjon av songen for albumet When You Wish Upon a Chipmunk.

«When You Wish Upon A Star» vart nytta to gonger i Disney-filmen RocketMan (1997). Første gongen i filmen vert han sungen av Fred Z. Randall (spelt av Harland Williams) medan han ser på ei stjerne utanfor romskipet sitt. Mot slutten av filmen kjem så originalversjonan av Cliff Edwards medan Randall og Julie Ford (Jessica Lundy) dansar i lag på eit romskip.

Neil Diamond spelte inn songen i 1998 for albumet The Movie Album: As Time Goes By.

Mannheim Steamroller spelte inn songen i 1999 for albumet Mannheim Steamroller Meets the Mouse.Soundunwound.com

'N Sync spelte inn ein versjon av songen for Disneymania (2002), Ashley Gearing spelte inn songen for Disneymania 2 (2003), Jesse McCartney spelte han for Disneymania 3 (2005) og Kate Voegele spelte han for Disneymania 6 (2008).

I 2005 valde Julie Andrews ut den originale Cliff Edwards-versjonen for albumet Julie Andrews Selects Her Favorite Disney Songs.Disney Music

I februar 2011 song Celtic Woman songen som det første sporet på albumet sitt Celtic Woman: Lullaby.

Brian Wilson innrømde at melodien for The Beach Boys-songen «Surfer Girl», som har den samme AABA-forma,Philip Lambert, Inside the Music of Brian Wilson: The Songs, Sounds, and Influences of the Beach Boys' Founding Genius (Continuum, 2007):28. er laust basert på Dion and the Belmonts-versjonen av «When You Wish Upon A Star».Brian Wilson, in @BrianWilsonLive, February 16, 2011: «We're doin' «When You Wish Upon A Star» for the new album. It kinda inspired "Surfer Girl." – Brian".Philip Lambert, Inside the Music of Brian Wilson: The Songs, Sounds, and Influences of the Beach Boys' Founding Genius (Continuum, 2007):27.Jim Fusilli, Pet Sounds, Volume 19 of 33 1/3 (Continuum International Publishing Group, 2005):23.Domenic Priore, Smile: The Story of Brian Wilson's Lost Masterpiece (Sanctuary, 2005):32. Wilson spelte nettopp denne songen på albumet In the Key of Disney, som kom ut 25. oktober 2011.

Seinare, på juledagen 2011 spelte Jessica Jung frå Girls' Generation inn songen for MBC sin julespesial.

Rod Stewart spelte inn songen i 2012 for julealbumet Merry Christmas, Baby.

Jazz Stykket har vorte ein jazz-standard. Han har vorte framført av artistar som Louis Armstrong, Dave Brubeck Quartet, Glenn Miller, Joe Pass, Keith Jarrett Trio, The Manhattan Transfer, Sun Ra og Bill Evans.

Søksmål Eigaren av rettane til songen, Bourne Co. Music Publishers, saksøkte Twentieth Century Fox Film Corp., Fox Broadcasting Company, Fuzzy Door Productions, Cartoon Network, Walter Murphy og Seth MacFarlane for å prøve å stoppe distribusjonen av ein episode av Family Guy frå 2003 kalla «When You Wish Upon a Weinstein» som parodierer songen i ein versjon kalla I Need a Jew. Ein føderal dommar gav ikkje Bourne Co. medhald og sa at parodien ikkje krenka opphavsretten til selskapet.Owner of Wish Upon A Star Son Loses Lawsuit Yahoo News, March 16, 2009

Norske versjonar Tola, Arne Bendiksen, Rolf Just Nilsen og Harald Mæle har skrive norske tekstar. Tolas versjon har tittelen «Stjernen i det blå». Bendiksen og Just Nilsen sine versjonar har tittelen «Ser du stjernen i det blå?». Mæles tittel er «Når en stjerne faller». I filmen vert songen sungen av Øivind Blunck som alltid har den norske stemmen til Timmy Gresshoppe.

Innspelingar År Songtittel Albumttitel Artist Tekstforfattar Type Platemerke og katalognummer1941Innspelt i Oslo 3. juli 1941«Stjernen i det blå» Øystein FrantzenKristian Haugers orkesterTola78-plateTelefunken T-8325«Ser du stjernen i det blå?»Rolf Just Nilsen: Pinocchio (LP, Disneyland/His Master's Voice NLLP 311)PinocchioRolf Just NilsenRolf Just NilsenLPDisneyland/His Master's Voice NLLP 3111988«Når en stjerne faller»Barnas beste godnattsangerHarald MæleMCDisneyland 3091994«Når en stjerne faller»Diverse artistar: Verdens beste Donald - en musikalsk hyllest til Donald Duck, 60 år (Egmont Music 322, MC, 1994)Verdens beste DonaldHarald MæleMCEgmont Music 3221995«Ønskestjernen»Diverse artistar: Classics 1 - 20 originale sanger på norsk (Walt Disney 7 39384 000159, CD, 1995)Classics 1 - 20 originale sanger på norskØivind Blunck og korHarald MæleCDWalt Disney 7 39384 000159

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «When You Wish upon a Star» frå , og «When You Wish upon a Star» frå den 16. september 2013. oppgav desse kjeldene:' oppgav desse kjeldene:''

Bakgrunnsstoff «When You Wish Upon A Star» på jazzstandards.com «When You Wish Upon A Star» – Notar på wikifonia.org

Kategori:Songar frå 1940 Kategori:Disney-songar Kategori:Oscarvinnande songar Kategori:Songar frå filmar Kategori:Songar med tekst av Ned Washington Kategori:Pinocchio Kategori:Jazzstandardar frå 1940-åra Kategori:Glenn Miller-songar Kategori:Louis Armstrong-songar Kategori:Neil Diamond-songar Kategori:Keith Jarrett-songar Kategori:Dave Brubeck-songar Kategori:Greg Lake-songar Kategori:Bill Evans-songar Kategori:Sun Ra-songar Kategori:Linda Ronstadt-songar Kategori:Billy Joel-songar Kategori:'N Sync-songar Kategori:Brian Wilson-songar Kategori:Rod Stewart-songar Kategori:USA-amerikanske julesongar Kategori:Olivia Newton-John-songar Kategori:Nikka Costa-songar Kategori:Freddie and the Dreamers-songar Kategori:Utvalde artiklar 2018