James Earl Carter II (), oftast omtala som Jimmy Carter, var ein USA-amerikansk politikar for Det demokratiske partiet. Han var president i USA frå 1976 til 1981, som nummer 39 i rekkja over presidentar. Han er den lengstlevande amerikanske presidenten, og den fyrste som har levd i 100 år. Han døydde den 29. desember 2024, 100 år og 89 dagar gammal.
Hans største utanrikspolitiske suksess som president vart forhandlingane knytt til Camp David-avtalen mellom Israel og Egypt i 1978. Siste delen av presidenttida vart prega av ei gisselsak i Iran. Han stilte opp i presidentvalet i 1980, men vart slegen av Ronald Reagan.
Etter avgangen som president engasjerte Carter seg i fredspolitisk arbeid verda over. Mellom anna har han mekla i konfliktområde i Latin-Amerika, Midtausten og Afrika. Jimmy Carter var den fyrste sitjande eller tidlegare amerikanske president som vitja Cuba sidan 1928. Vitjinga var eit forsøk på å betra tilhøvet mellom USA og Cuba.
I 2002 vart Carter tildelt Nobels fredspris for arbeidet sitt med å finna fredelege løysingar på internasjonale konfliktar.
Bokutgjevingar (utval) Keeping Faith. Memoirs of a President (1982) The Blood of Abraham. Insights into the Middle East (1985) White House Diary (2006) Palestine: Peace not Apartheid (2006) Faith. A Journey for All (2018)
Galleri
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikanske presidentar Kategori:Folk frå den kalde krigen Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:USA-amerikanske politikarar Kategori:Vinnarar av Nobels fredspris Kategori:Folk frå Georgia