Jersey City er ein by i Hudson County i delstaten New Jersey i USA. Byen hadde 247 597 ibuarar i 2010, og er dermed den nest meste folkerike byen i New Jersey, etter Newark.The Counties and Most Populous Cities and Townships in 2010 in New Jersey: 2000 and 2010 , United States Census Bureau. Vitja 7. november 2011. Han er administrasjonsstad for Hudson County, der han er den største byen.New Jersey County Map, New Jersey Department of State. Accessed July 10, 2017.

Jersey City er ein del av metropolen New York City. Byen ligg tvers overfor nedre Manhattan, mellom Hudson-elva og indre luten av New York-bukta i aust og med Hackensack-elva og Newark-bukta i vest. Hamnebyen Jersey City er, med sine 18 kilometer sjøline og omfattande jarnbanenett, ein viktig transport-terminal. Frå langt tilbake har byen vore kjend for sin stålindustri og sin kjemiske industri, viktig for aktiviten på hamnene i New York og i New Jersey. Service-næringar har spela ei framståande rolle i fornyinga av hamnekvartera og for framveksten av ein av dei største downtowns i landet.

Folketalet i Jersey City nådde toppen med 316 715 ved folketeljinga 1930. Dei neste femti åra sokk folketalet til det nådde botnen med 223 532 i 1980. Sidan har folketalet stige, største var tilveksten i 1900-åra. Ved folketeljinga i 2020 hadde byen 292 449 innbyggjarar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jersey City» frå , den 23. september 2013.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i New Jersey Kategori:Busetnader grunnlagde i 1838