«Pretty Girls Everywhere» er ein song skriven av Eugene Church og Thomas Williams og var den første hitten for den amerikanske songaren Eugene Church med gruppa hans The Fellows i 1958 og vart seinare spelt inn og gjeve ut av den amerikanske popgruppa The Walker Brothers som debutsingelen deira i 1965.
Innspelinga til Church for Class Records var den mest populære han hadde og nådde sjetteplassen på R&B-lista og 36. plass på Pop-lista i USA.[ Billboard Singles], Allmusic.com
The Walker Brother-versjonen er mest kjend fordi han ikkje er sungen av Scott Walker, som vart førstevokalist i gruppa etter dette. I staden er det John Walker som syng songen. B-sida til singelen er den første songen Scott Walker skreiv som vart gjeven ut, «Doin' the Jerk». Ein kan sjå gruppa mime til «Doin' the Jerk» i 1965 i strandfilmen Beach Ball.
Innhald
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pretty Girls Everywhere» frå , den 27. september 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1958 Kategori:Singlar frå 1958 Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:The Walker Brothers-songar Kategori:The Ventures-songar Kategori:Bobby Vee-songar