«(Baby) You Don't Have to Tell Me» er ein song skriven av Pete Antell, tidlegare frå den amerikanske popgruppa The Chants, og vart først spelt inn av songaren Bobby Coleman. Den obskure songen vart sidan spelt inn og gjeven ut av den amerikanske popgruppa The Walker Brothers som den sjette singelen deira, i 1966. Akkompagnementet vart dirigert av Reg Guest.
«(Baby) You Don't Have to Tell Me» vart ein moderat hit og låg åtte veker inne på UK Singles Chart med ein 13. plass som beste plassering. Til samanlikning hadde dei tre førre singlane deira alle nådde minst Topp 3, så singelen vart rekna som skuffande og markerte byrjinga på den minkande populariteten deira. Trass i at singelen gjorde det dårlegare enn venta, vart Portrait, det andre albumet til gruppa, gjeve ut samstundes og nådde tredjeplassen på UK Albums Chart.
Innhald
Kjelder Denne artikkelen bygger på «(Baby) You Don't Have to Tell Me» frå , den 29. september 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1965 Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:The Walker Brothers-songar