Knut Kvalheim () er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar som dreiv med mellomdistanse- og langdistanseløp. Kvalheim er i dag trenar for sin gamle klubb, IK Tjalve, der han mellom anna har trent Susanne Wigene. Profil på Tjalve.no Bror hans er Arne Kvalheim som også dreiv med friidrett på toppnivå.
Karriere
Frå og med 1973 deltok Knut Kvalheim på 16 individuelle senior-NM på distansane 1500 meter, 3000 m, 5000 m, 10 000 m og terrengløp. I 1978 tok han kongepokalen i friidrett og vann Bislett-medaljen for langdistanseløp. I løpet av karrieren sin sette han sju norske rekordar på distansane 3000 meter, 5000 meter, 10 000 meter, 3000 meter hinder og éi engelsk mil. I åra 1978-1987 heldt han rekorden på alle fem distansane samtidig, og rekorden på engelsk mil på 3,56.2 vart ståande heilt til Henrik Ingebrigtsen slo han i London den 14. juli 2012. Dagbladet, 14.07.12: Ingebrigtsen slettet 38 år gammel rekord Knut Kvalheim deltok på 5000 meter under sommar-OL 1976 i Montreal, og enda her på ein niandeplass.
Knut Kvalheim var ein allsidig løpar og tevla også innan halvmaraton og maraton. Som trenar har han kritisert teoriar om at ein kan bli betre ved å trena mindre, men springa raskare. Nrk.no, 29.05.11: Vi var raskere for førti år siden Ifølgje Kvalheim er det god treningsmengd som er løysinga. På Norges Idrettshøyskole har han tilrådd langdistanseløparar å springa over 160 km i veka gjennom heile vinteren, for: «Skal du løpe fort, må du løpe mye!» Kondis.no, 13.11.05: -Skal du løpe fort, må du løpe mye
Kjelder , henta inn 30. september 2013.
Fotnotar
Kategori:Norske langdistanseløparar Kategori:Norske maratonløparar Kategori:Norske mellomdistanseløparar Kategori:Norske friidrettstrenarar Kategori:Vinnarar av Bislett-medaljen Kategori:Kongepokalvinnarar i friidrett Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1976 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976 Kategori:Folk frå Oslo