Kvia skipreide var ei av skipreidene på Jæren, oppkalla etter garden Kvia like sør for tettstaden Nærbø.
Ho omfatta store delar av Hå kommune og ein liten del av Time, eller nøyaktigare:Arkivverket: Matrikkel 1838 delar av Nærbø sokn (før 1832 dei to soknene Njærheim og Bø) Njærheim sokn sør for Håelva (matrikkelgardane 9-15) heile Bø sokn (matrikkelgardane 16-38) nordlegaste delen av Varhaug sokn (matrikkelgardane 39-51) to gardar i Time sokn (Helland)
På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet, og Kvia skipreide vart nemnd Kvia tinglag. Etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene: Derfor vart Kvia tinglag oppløyst 1850Norges folk og land og erstatta av det nye Hå tinglag (Nærbø og Varhaug sokner).
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Kart over Rogaland med skipreidene innteikna (frå Norsk historisk leksikon)
Kategori:Skipreider Kategori:Geografi i Hå Kategori:Historie i Hå Kategori:Geografi i Time Kategori:Historie i Time