Bergen er ein by og administrasjonssenter i Bergen kommune i Vestland fylke. Byen ligg på vestkysten av Noreg og er den største byen på Vestlandet. Bergen heitte opphavleg Bjørgvin, som tyder «den grønne enga mellom fjella». Han vart grunnlagd av Olav Kyrre i 1070 og var hovudstaden i Noreg fram til 1299 då denne funksjonen vart flytta til Oslo, men var framleis største byen i landet til ut på 1830-talet. Administrasjonen til Hordaland fylkeskommune låg i Bergen. Fram til 1972 var Bergen by eige fylke.

Bergen er ein by særprega av gamle trehus, fjordar og dei sju fjella. Byen er eit populært reisemål for både norske og utanlandske turistar. Bergen hamn er den hamna i Europa som har flest cruisebåtar innom årleg. Bergen har òg eit universitet som trekkjer studentar utanbys frå. Universitetet i Bergen har i dag rundt 17 000 studentar og 3 000 tilsette. Byen har fleire forskingsinstitutt som Havforskningsinstituttet, NIFES og Chr. Michelsens Institutt CMI. Her finst òg statlege etatar som Fiskeridirektoratet. Bergen lufthamn, Flesland er den internasjonale flyplassen som er knytt til byen.

Namn og symbol mini|Fotografi frå om lag 1910 med utsyn over Bergen. Namnet «Bergen» kjem frå norrønt Bergvin eller Bjǫrgvin, av berg eller bjǫrg, ‘berg’, og vin, ‘eng’. Folk frå Bergen vert kalla bergensarar. Bergen er også kjend som «byen mellom de 7 fjell». Dei sju fjella uttrykket viser til er Sandviksfjellet, Fløyfjellet, Blåmanen, Ulriken, Løvstakken, Damsgårdsfjellet og Lyderhorn.

Byvåpenet til Bergen er ei sølv borg på gull fjellgrunn mot raud bakgrunn. Våpenet har røter tilbake til 1200-talet. Det var opphavleg eit dobbeltsegl; framsida viste eit langskip med drakehovud på stemnene, medan baksida viste ei borg med mur rundt på eit tredelt fjell. Det er baksidemotivet som er vidareført til den moderne utgåva. På 1400-talet fekk byen eit nytt segl, basert på baksiden av det eldste seglet, men med nokre endringar. Fjellet under borga blei mellom anna omdanna til sju kuler for sju fjell. I nyare tid blei den gamle borgtypen gjeninnført, men ein heldt på den sjudelte fjellgrunnen. Byvåpenet med dei noverande fargane blei gokjend 1924. Dette året godkjende ein også byflagget, som er danna av byseglet på ein kvit flaggduk. Flagget har ein raud kant rundt dei tre frie sidene.

Bysongen til Bergen er «Sang til Bergen», også kjend som «Udsigter fra Ulrikken», «Bergenssangen» eller «Jeg tok min nystemte». Han er skriven av Johan Nordahl Brun.

Historie mini|Vågen og bydelen Nordnes sett frå Fløyen. mini|Gamle pakkhus på Bryggen. Bergen vart grunnlagd av kong Olav Kyrre i 1070 og var hovudstaden i Noreg fram til 1299, då Oslo vart sete for kongen. Byen heldt stillinga som største byen i landet til ut i 1830-åra, og var frå ca. 1350 til ca. 1750 prega av den hanseatiske handelsverksemda, som bygningane på Bryggen langsetter austsida av Vågen minner om.

Dei eldste delane av byen finn ein i Vågsbunnen og mot Holmen, det vil seia det området som i dag heiter høvesvis Bryggen og Bergenhus. Busetnaden spreidde seg etterkvart både langs strendene mot nord og vest og sørover i Bergensdalen.

Bergen fekk bystatus under Olav Kyrre, ifølgje seinare kjelder i år 1070. Sogene fotel at Olav Kyrre bygde ei kristkyrke (domkyrkje) i tre på Holmen. Samtidig tok han til med å byggja eit større kyrkjebygg i stein. I 1163 blei bispesetet for Vestlandet flytta frå Selja til Bergen

Den «andre grunnleggjaren» av byen var kong Øystein Magnusson (1103–1123), som bygde ein kongsgard i tre like ved dei to kyrkjene. Heile byområdet var ein del av kongseigedommen Ålrekstad (Årstad), men under kong Øystein flytta kongemakten ned til sjølve byen. Frå midten av 1200-talet blei trebygningane i kongsgarden erstatta med steinhallar, blant desse Håkonshallen, og anlegget blei omgjeve av murar med tårn. I eit av desse innretta kongen eit kanselli.

Aukande handel med fiskevarer frå nord og utanlandske varer som korn, klede og vin førte til vekst og stor tyding for Bergen. Tyske kjøpmenn etablerte seg i Bergen frå kring 1350 som ein fastbuande koloni tilknytt Det tyske (hanseatiske) kontoret. Etter kvart fortrengde hanseatene dei norske farmennene på dei viktigaste utanlandske marknadane. Frå kring 1310 var dei nesten einerådande i farten på England. Framleis opprettheldt sjøfararane islandsfarten, den farlegaste av handelsvegane, til 1413.

Etter flyttinga av hovudstadsfunksjonane til Oslo i 1299 og svartedauden i 1349–1350 blei seinmellomalderen ei svakare tid for det bergenske bysamfunnet, og skipsfarten innskrenka seg til nokre skip i kystfart mellom Nord-Noreg og Bergen. På 1500-talet tok bysamfunnet seg opp igjen, no som eit borgarskap med eigen magistrat. Lensherrar som Christoffer Valkendorf og Erik Rosenkrantz trengde hanseatane tilbake. Hanseatane sitt område skulle berre omfatta Bryggen på nordaustsida av Vågen. Bydelar som hadde vokse fram i løpet av mellomalderen langs sørvestsida av Vågen (Strandsiden og Nordnes) og i Vågsbunnen, tilhøyrde det nye borgarskapet. Det fekk tilskot gjennom innvandring frå mange kantar; Danmark, Tyskland, Skottland og Nederland. Desse gav sjøfarten nye impulsar og tok opp nye forbindelsar, frå Arkhangelsk i nord til Sicilia i sør, frå slutten av 1500-talet. Ein slik konjunktursyklus går igjen i fleire hundreår. Næringslivet i byen sakka akterut i første halvdel av kvart hundreår. Deretter kom det gylne tider, gjerne ledsaga av ei ny innvandringsbølgje. Det var høgkonjunktur frå 1670, med innvandrarar frå Bremen og Niedersachsen og andre stader i Tyskland og Danmark. I 1765 fann den såkalla Strilekrigen stad i byen. Frå 1777 kom ei ny bølgje av nedersaksarar, og frå 1850-åra hadde byen særleg stor innvandring frå ulike område i Noreg, mest frå vestlandsfylka. I denne nye industrielle tidsalderen tok Bergen leiinga innan norsk skipsfart med ein rask overgang frå segl til damp. Den første dampskipsruta frå byen, til Christiania (Oslo), opna i 1827. Det Bergenske Dampskibsselskab blei stifta i 1851.

Fram til inn på 1900-talet var dei viktigaste utførslevarene fiskeprodukt. I tidlegare tider blei det også skipa ut trelast frå Bergen. På 1800-talet fekk bergensk skipsfart eit oppsving gjennom utviklinga av liberalistiske idear og opphevinga av den britiske Navigasjonsakta i 1849. Då kunne nemlig handelsflåten gå i fraktfart samtidig som han framleis stod for eksport og import for byen. Samstundes fekk byen moderne industri i form av tekstil og konfeksjon, mekaniske verkstader, handelsmøller, småindustri, vass- og gassverk, i tillegg til økonomiske nydanningar som private bankar og assuranseselskap, og ein ny børsbygning. Byen fekk si første moderne sentrumsregulering etter ein brann i 1855.

Etter første verdskrigen blei Bergen ramma av økonomiske kriser. Fallittar, stengde industrianlegg og skip i opplag kom i tillegg til følgjene av ein storbrann i 1916. Frå 1935 opplevde næringslivet ei avgjort betring, men andre verdskrigen med okkupasjonen påførte byen skadar som målt i pengeverdi låg høgare enn i nokon annan norsk by. Også talet på drepne og såra var høgt i Bergen og Laksevåg. Særleg i 1944 blei byen råka av den store eksplosjonskatastrofen 20. april, og allierte bomberaid den 4. og 29. oktober. Ved slutten av krigen låg bygningane på Bergenhus, Nykirken og Tollboden i ruinar.

I 1979 kom Bryggen på UNESCO si verdsarvliste.

Bybrannar Opp gjennom tidene har det vore mange bybrannar i Bergen. Ein storbrann i 1248 på austsida av Vågen øydela elleve kyrkjer. I 1476, 1640, 1660, 1675 og 1686 blei Bryggen råka av nye storbrannar. I 1702 blei det meste av byen øydelagd av brann. Etterpå blei Bryggen gjenreist i gammal stil. Ein brann på Strandsiden i 1756 øydela 964 bygningar og mange sjøbodar. Under ein storbrann 15. til 16. januar 1916 gjekk 380 bygningar i sentrum tapt, og 2700 personar vart heimlause. Ein storbrann la 4. juli 1955 nordre parten av bygningane på Bryggen i oske.

Geografi

Bergen ligg på Bergenshalvøya i Midhordland, som saman med Nordhordland utgjer regionen Bergen og omland i Vestland fylke. Bergen kommune har sjøgrenser mot kommunane Austevoll, Sund, Fjell, Askøy, Meland og Osterøy. På land grensar kommunen til Vaksdal, Samnanger og Os. Bykjernen ligg omtrent midt i kommunen, ved Byfjorden i den nordlege delen av Bergensdalen. Sentrumet i byen ligg i den nordvestlege enden av Bergensdalen, ved Byfjorden og fjordarmane Vågen og Puddefjorden, nord for Store Lungegårdsvannet. Kommunen har kystlinje frå nordaust til sørvest, og landegrenser berre i søraust.

Fjell

Dei sju fjella som har gjeve byen kallenamnet sitt er:

Sandviksfjellet – 417 moh. Fløyfjellet – 400 moh. Rundemanen – 568 moh. Ulriken – 643 moh. Løvstakken – 477 moh. Damsgårdsfjellet – 317 moh. Lyderhorn – 396 moh.

Klima Bergen har eit mildt og fuktig kystklima. Det er små temperaturendringar gjennom året. Med ein årsmiddeltemperatur på 7,7 °C er Bergen mellom dei høgste i Noreg. På grunn av den geografiske plasseringa mellom kysten og fjella har Bergen i gjennomsnitt 213 døger med nedbør i året. Dette kvalifiserer Bergen til ein 22. plass blant 357 undersøkte europeiske storbyar. 21. januar 2007 vart det ein ny rekord då det vart registrert heile 84 samanhengande døger med nedbør. Den gamle rekorden frå 1975 var på 59 døger. Gjennomsnittleg årleg nedbørsmengd er 2 250 mm.

Temperaturnivået har tendert til å vera noko høgre dei seinaste åra. Ser ein på dei seinaste 18 månadene, frå 1991 til 2009, har middeltemperaturane frå januar og juli auka til høvesvis 2,9 °C og 15,5 °C.

Bydelar og område i byen Bykjernen i Bergen ligg omkring strenden til Byfjorden i nord og rundt fjordarmane Vågen i aust, Puddefjorden i vest og Store Lungegårdsvannet i sør, oppover langs fjellsidene av dei omliggande sju fjella, og sørover i Bergensdalen. Svært mykje av kommunearealet er høgtliggjande snaufjell ein ikkje kan byggja på.

Bergenhus Det historiske hjartet i byen er sentrert rundt Vågen. Ytst på austsida ligg Holmen, no Bergenhus festning med Håkonshallen og Rosenkrantztårnet, alle frå mellomalderen. På Bergenhus var det tidlegare òg kongsgard, bispegard, kloster, katedralskule og fleire kyrkjer, blant desse den gamle domkyrkja Kristkirken, som blei riven av militære grunnar i 1531. Her låg relikviane av vernehelgenen for Bergen, Heilage Sunniva, som no er heidra med ein statue på staden. På denne staden blei kongane for Noregsveldet krona, vigd og gravlagde.

I sjøkanten nord for festninga ligg Bontelabo og passasjerhamna Skoltegrunnskaien. Herfrå og sørover langs festningsmuren og den austlege stranda av Vågen går Festningskaien som endar ved Bradbenken, basen for skuleskipet Statsraad Lehmkuhl frå 1914. På høgda aust for festninga ligg mellomalderborga Sverresborg frå 1184, og mellom dei to festningane ligg Koengen, som no ofte blir nytta som konsertområde. Dette strøket heiter Bergenhus.

Bryggen mini|Bryggen Sør for Bergenhus ligg Dreggsallmenningen (sjå allmenning), med Mariakyrkja frå 1100-talet der det blei halde gudstenester på tysk til 1886, og Bryggens Museum. Vidare sørover langs austsida av Vågen ligg Bryggen med Det hanseatiske kvarter, Schøtstuene og Hanseatisk museum. Kvartalet mellom Dreggsallmenningen i nord og Nikolaikirkeallmenningen i sør består av trehus som blei bygde i gammal hanseatarstil etter bybrannen i 1702, men dei seks nordlegaste husa er kopiar som blei gjenreiste etter bybrannen i 1955.

Kvartala sør for Nikolaikirkeallmenningen består av bygardar i mur i same stil som blei reist etter byreguleringa i 1901 etter teikningar av Jens Zetlitz Monrad Kielland. Mellom det sistnemnde kvartalet går Lodin Lepps gate og Finnegardsgata frå kaifronten i vest til den eldste gata i byen, Øvregaten i aust, og kryssar Rosenkrantzgaten som går frå Nikolaikirkeallmenningen i nord til Vetrlidsallmenningen med Fløibanen og Kjøttbasaren i sør. Det ligg 61 freda bygningar i området, som står oppført på UNESCO si verdsarvliste, og heile strøket blir kalla Bryggen.

Vågsbunnen