Hesby skipreide var ei av skipreidene i Ryfylke.Arkivverket: Matrikkel 1838
Geografisk område etter gammal inndeling: Hesby sokn Talgje sokn (unnateke Hanasand og Austbø) Geografisk område etter noverande inndeling: sørlege delar av Finnøy kommune (øyane Finnøy, Fogn og Talgje, unnateke Austbø)
På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet og Hesby skipreide vart nemnd Hesby tinglag. Etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene: 1841 vart Hesby tinglag erstatta av det nesten identiske Finnøy tinglag.Norges folk og land
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Kart over Rogaland med skipreidene innteikna (frå Norsk historisk leksikon)
Kategori:Skipreider Kategori:Ryfylke Kategori:Geografi i Stavanger Kategori:Historie i Stavanger