Vigra kyrkje er soknekyrkje i Vigra sokn i Den norske kyrkja. Kyrkja står på Blindheimsreset på Vigra i Giske kommune og er ei langkyrkje frå 1894. Arkitekt for bygget var Gabriel Smidth.
Kyrkja er truleg minst den fjerde i rekkja på Vigra. Dei førre stod på Roald.
Inventar og interiør Motivet for altertavla er Jesus som går på vatnet. Kunstnaren er ukjend.
I kyrkja er teke vare på altartavla og preikestolen frå den førre kyrkja, begge laga av bygdekunstnaren Tavle-Jakob frå Giske. Eit gamalt steinaltar frå mellomalderen er også i kyrkja.
Kyrkja har sitjeplassar til kring 500 personar.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Om Vigra kyrke på nettstaden Kulturnett Møre og Romsdal Kyrkjebøker for Vigra på nettstaden Digitalarkivet (Arkivverket)
Kategori:Kyrkjer i Giske Kategori:Norske kyrkjer frå 1894 Kategori:Langkyrkjer i Møre bispedømme Kategori:Gabriel Smidth Kategori:Kulturminne i Giske Kategori:Kyrkjer i Nordre Sunnmøre prosti Kategori:Tavle-Jakob