Christian Tynning Bjørnø () er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Han er fylkesvaraordførar i Telemark og gruppeleiar for Arbeidarpartiet i fylkestinget. Bjørnø var ein av landets yngste folkevalde då han vart valgt inn i bystyret og formannskapet i Porsgrunn kommune i 2003. Ved kommunevalet i 2007 vart han i tillegg leiar av hovudutvalg for barn, unge og kultur i same kommune.Lokaldemokratiportalen: Porsgrunn kommune

Hausten 2008 til våren 2009 tenestegjorde han som studentpraktikant i Utanriksdepartementet, stasjonert ved den norske ambassaden i Stockholm. Bjørnø vart vald til leiar av Porsgrunn Arbeidarparti i 2010. Han sit i styret i Telemark Arbeidarparti og i Arbeidarpartiets landsstyre. I november 2012 vart Bjørnø nominert på tredjeplass på stortingslista til Telemark Arbeidarparti i forkant av stortingsvalet 2013. Bjørnø er utdanna adjunkt.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Christian Tynning Bjørnø» frå , den 13. oktober 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Folk frå Porsgrunn Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Telemark Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017