mini|Karakteristisk blått tussmørke under mørketida i Longyearbyen på Svalbard. mini|Tidleg ettermiddag i Tromsø i mørketida. mini|Mørketid 5. januar 2007 i Vorkuta i Russland mini|Illustrasjon frå Historia de gentibus septentrionalibus av Olaus Magnus («Historia om dei nordiske folka») frå 1555 som viser korleis «det ytste nord berre består av éin lang dag og éi lang natt».

Mørketid er den tida på året då solsenteret ikkje kjem over horisonten på ein stad ved middag. Fenomenet opptrer om vinteren og berre nord for den nordlege polarsirkelen og sør for den sørlege polarsirkelen. I ein periode er sola under horisonten, sjølv når ho er på det høgste. Denne perioden er kortast nær polarsirklane og varer lengre desto nærare polområda ein kjem. Ved polområda varer mørketida lengst, i om lag seks månader. Dei områda som har mørketid om vinteren vil ha midnattsol i eit tilsvarande langt tidsrom om sommaren.

På grunn av skumringseffekten gjer ikkje mørketida at det er mørkt 24 timar i døgnet, på same måte som det elles blir lyst før soloppgang. Dei døgna i mørketida då sola ikkje kjem høgre enn 6° under horisonten og ein derfor ikkje har tussmørke, blir kalla for polarnetter.

Norske datoar for mørketida Datoar for mørketida i ulike stader i Noreg. Datoene i tabellen viser når sola ikkje kjem over horisonten. I praksis varer mørketida lenger dei fleste stadene, fordi fjell i sør sperrar for sola når ho står lågt på himmelen. Dette kan også vere tilfelle sør for polarsirkelen på stader der det er høge fjell i sør. Rjukan i Telemark har til dømes mørketid flere veker i året på grunn av fjella i den tronge Vestfjorddalen. Stad Frå Til Svolvær 7. desember 5. januar Harstad 2. desember 10. januar Bardufoss 30. november 12. januar Andenes 29. november 13. januar Tromsø 27. november 15. januar Alta 25. november 17. januar Vardø 23. november 19. januar Hammerfest 22. november 20. januar Berlevåg 21. november 21. januar Jan Mayen 20. november 21. januar Nordkapp 20. november 22. januar Bjørnøya 7. november 4. februar Hopen 31. oktober 10. februar Sveagruva 27. oktober 15. februar Barentsburg 26. oktober 15. februar Longyearbyen 26. oktober 16. februar Pyramiden 25. oktober 17. februar Ny-Ålesund 24. oktober 18. februar Magdalenafjorden 22. oktober 19. februar Rossøya 19. oktober 23. februar Nordpolen 25. september 18. mars

Referansar

Bakgrunnsstoff Mørketid og midnattssol frå yr.no

Kategori:Jordfenomen Kategori:Arktisk geografi