Tina Bru () er ein norsk tidlegare politikar som var nestleiar i Høgre, olje- og energiminister og stortingsrepresentant.
Ho var stortingrepresentant for Rogaland frå 2013 til 2025, og sat som olje- og energiminister frå 2020 til 2021.
Biografi Bru var 2007-08 leiar for Rogaland Unge Høgre, og 2008–10 landsstyremedlem i Unge Høgre. Perioden 2009-13 var ho fyrste vararepresentant til Stortinget for Høgre i Rogaland, og møtte ei tid i staden for Arve Kambe. I 2011 vart Bru valt inn i både Stavanger bystyre og Rogaland fylkesting.
Hausten 2012 vart Bru nominert som Rogaland Høgre sin fjerdekandidat til stortingsvalet 2013, og vart innvald etter valet. Ho vart gjenvald i 2017 og 2021, før ho gjekk av i 2025.
I 2020 vart ho vald som nestleiar i Høyre. Vart gjenvald som nestleiar fleire gongar fram til ho trakk seg i 2025
24. januar 2020 vart ho unemnd olje- og energiminister i regjeringa Solberg, der ho sat fram til regjeringa gjekk av etter stortingsvalet i 2021.
I 2025 var ho med å starta Stavanger-kontoret til lobbyselskapet First House.
Kjelder
Kategori:Norske olje- og energiministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Solberg Kategori:Høgrestatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Folk frå Stavanger