Breaking Bad er ein amerikansk drama/krim TV-serie skapt og produsert av Vince Gilligan. TV-serien vart send på den amerikanske kanalen AMC i USA og Canada. Serien hadde premiere den 20. januar 2008, og den siste episoden var på lufta 29. september 2013. Det vart produsert totalt 5 sesongar.
Handlinga i serien er lagd til Albuquerque i New Mexico, og er om kjemilæraren Walter White (Bryan Cranston), som vert diagnostisert med lungekreft i byrjinga av serien. For å sikre familien økonomisk om/når han fell bort byrjar han å produsere og selje metamfetamin saman med den tidlegare eleven Jesse Pinkman (spelt av Aaron Paul).
Kategori:USA-amerikanske fjernsynsseriar Kategori:Fjernsynsseriar frå 2000-åra Kategori:Fjernsynsseriar frå 2010-åra