Sylvi Listhaug () er ein norsk politikar frå Framstegspartiet, som sidan 8. mai 2021 har vore leiar for partiet.

Listhaug har tidlegare vore landbruks- og matminister i Solberg-regjeringa, frå 2013 til 2015. Frå den posten gjekk ho til å vera Innvandrings- og integreringsminister i Justis- og beredskapsdepartementet, ein ministerpost som blei oppretta med verknad frå 16. desember 2015.regjeringen.no Endringer i regjeringen 16.12.2015 Ho var justis-, beredskaps- og innvandringsminister frå 17. januar til 20. mars 2018. Ho fekk ny ministerpost som eldre- og folkehelseminister frå 3. mai 2019, før ho vart olje- og energiminister frå 18. desember 2019 til 24. januar 2020.

Listhaug har vore medlem av sentralstyret i Framstegspartiet sidan 2005. Har var finanspolitisk talsperson for partiet, etter at Frp gjekk ut av regjeringa Solberg i januar 2020. Listhaug var byråd med ansvar for pleie- og omsorgstenesta, sosialtenesta, rusomsorga og barnevernet i Oslo 2006–2011. I åra 2009–2011 fungerte ho også som byrådsnestleiar.

Bakgrunn Listhaug er oppvaksen på ein familiegard med mjølkeproduksjon i Ørskog på Sunnmøre. Som tenåring var ho ivrig fotballspelar. Ho har studiekompetanse frå Spjelkavik vidaregåande skule frå 1996 og utdanning som adjunkt med fordjuping i samfunnskunnkap, historie og spesialpedagogikk frå Høgskulen i Volda frå 2000.

Ho hadde ei praktikantstilling i representanthuset i Washington, D.C. 2004–2005. Hausten 2006 var ho tilbake i Washington, D.C. i fire månader for å studere amerikansk politikk. Ho var pleieassistent ved Ørskog aldersheim 1995–2000 og faglærar ved Sjøholt skule i Ørskog 2000–2001. I 2012 blei ho seniorrådgjevar i PR-byrået First House i Oslo.

Sylvi Listhaug er gift og har born.

Politisk karriere Sylvi Listhaug har sin politiske bakgrunn frå Framstegspartiets Ungdom, der ho sat i sentralstyret 2002–2006. Listhaug var politisk rådgjevar for Framstegspartiets fraksjon i Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité 2001–2004 og byrådssekretær for Margaret Eckbo i 2005. Då Eckbo trekte seg som byråd, overtok Listhaug som byråd for helse og eldreomsorg i januar 2006.

Som byråd ønskte Listhaug blant anna å gjera Oslo til eit utstillingsvindauge for fritt brukarval i eldreomsorga,Dagbladet: Oslos nye sosialbyråd ... er oppriktig glad i gamle mennesker. Kanskje er det derfor hun vil sette dem ut på anbud. og stod bak innføringa av fritt brukarval innanfor heimehjelpstenesta i 2006. I 2011 blei fritt brukarval også innført i heimesjukepleia.Oslo Kommune: Hjemme Best. Listhaug har også gått inn for å auka satsinga på heimehjelpAftenposten: Mer og bedre hjemmehjelpØstkantavisa: Best i klassen igjen. samt gjeninnføra aldersheimaneAftenposten: - Å legge ned aldershjemmene var en gigantisk tabbe, mener eldrebyråd Sylvi Listhaug.Nordre Aker Budstikke: Første Omsorg+ åpnet. i Oslo. Listhaug er oppteken av å auka kvaliteten på sjukeheimane og har innført Lotte-modellenNRK Puls: En fest å bli gammel ved blant anna Fagerborghjemmet, Manglerudhjemmet og Lilleborg sykehjem i Oslo.Lokalavisen Frogner: Fagerborghjemmet er himmelriketLokalavisen: Lilleborg vant Lotte-trekningen

I august 2009 blei det sett søkeljos på Listhaug si involvering i Sjukeheimsskandalen i Oslo.TV2: Anklager kommunen etter sykehjem-skandale I februar 2010 tok Erling Folkvord frå Raudt til orde for at Listhaug burde ha gått av som følgje av saka.P4: Sykehjemsskandalen: - Byråden bør gå

Ho var vararepresentant til Stortinget frå Møre og Romsdal 2001–2009, deretter 1. vararepresentant frå Oslo 2009–2013, og møtte i til saman tre månader.

Korridorpolitikar (lobbyist) i First House I 2012 vart Listhaug seniorrådgjevar i lobbyselskapet First House i Oslo, og arbeidde der til ho gjekk inn i regjeringa i 2013.https://www.dagbladet.no/nyheter/erna-far-ikke-se-first-house-listhaugs-hemmelige-kundeliste/62264614https://www.nettavisen.no/politikk/--hva-har-sylvi-listhaug-a-skjule/3698894.htmlhttps://e24.no/jobb/frp-listhaug-til-first-house/20128280http://www.dagsavisen.no/innenriks/matgiganter-hyret-inn-first-house-1.296158http://www.dagsavisen.no/innenriks/listhaugs-hemmelige-oppdrag-for-first-house-1.279122 I samband med at Oslo kommune arbeidde for å få Vinter-OL til Oslo i 2022, fekk Listhaug oppgåva med å overtala Framstegspartiet til å stemme for ein statsgaranti for dette arrangementet.https://www.dagbladet.no/sport/faktura-avslorer-sylvi-listhaug-ble-betalt-for-a-pavirke-fremskrittspartiet/69197695https://www.dn.no/meninger/2017/12/21/2058/Leder/dn-mener-ugreit-med-muldvarp-i-frp Etter at Høgre sa endeleg nei til å gje statsgaranti, trekte Oslo kommune søknaden om å få Vinter-OL i 2022 og etaten Oslo2022 vart avvikla 31. desember 2014.Oslo kommune stanser OL-planene

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sylvi Listhaug» frå , den 25. oktober 2013.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske justisministrar Kategori:Norske innvandrings- og integreringsministrar Kategori:Norske landbruksministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Solberg Kategori:Frp-statsrådar Kategori:Byrådar i Oslo Kategori:FrP-politikarar i Oslo Kategori:FrP-politikarar i Møre og Romsdal Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Norske pedagogar Kategori:Folk frå Ørskog Kategori:Leiarar for Framstegspartiet