mini|Korleis fordampingsvarmen til vatn, metanol, benzen og aceton er avhengig av temperaturen. Den vertikale einingsaksen er feil og burde vore kJ/mol. Fordampingsvarme er ei nemning for den varmen som går med til å fordampe ei viss mengd av ei væske ved kokepunktet. Ved trykket 1 atmosfære kokar vatn ved 100 °C, og då trengst det 2260 kJ til å fordampe 1 kg av vatnet. For dei fleste stoffa er fordampingsvarmen mindre enn for vatn. Fordampingsvarmen er òg mindre når kokinga skjer i ein trykkokar, altså ved høgare temperaturar. I tabellar finn ein spesifikk fordampingsvarme ved koketemperaturen.

Spesifikk fordampingsvarme ved koketemperaturen for eit utval stoff Væske Koke- temperatur (°C) Spesifikk fordampingsvarme (kJ/kg) Vatn 100 2260 Etylalkohol 78 850 Eter 35 373 Ammoniakk -33 1370

Kondensasjonsvarme Kondensasjonsvarme er den varmemengda som blir frigjort når ein gass kondenserast, det vil sei går over til væske eller fast stoff. Kondensasjonsvarmen er like stor som fordampningsvarmen for stoff ved same trykk og temperatur, men med motsett forteikn.

Kjelder fordampingsvarme. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/fordampingsvarme kondensasjonsvarme. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/kondensasjonsvarme

Kategori:Termodynamiske eigenskapar Kategori:Termodynamikk Kategori:Entalpi