Josiah Willard Gibbs () var ein amerikansk matematikar og fysikar. Størstedelen av den vitskaplege produksjonen hans ligg på det matematiske området til fysikken, og han er kjend for publikasjonen i 1876 av On the Equilibrium of Heterogeneous Substances, ein grafisk analyse av multi-fase kjemiske system, som la grunnlaget for ein stor del av moderne vitskap. Mellom anna Gibbs fri energi, Gibbs' faseregel og kjemisk potensial. Han la han mykje av det teoretiske grunnlaget for kjemisk termodynamikk og fysikalsk kjemi. Som matematikar fann han opp vektoranalyse.

Han var professor ved Yale University i New Haven frå 1871. Han arbeidde særleg med problem frå termodynamikken, som resulterte i mellom anna og Gibbs fri energi, og vektoranalysen.

Han var æresdoktor ved Universitetet i Oslo i samband med Abel-jubileet i 1902. Arbeida hans er samla i Scientific Papers (1906).

Prisar (utval) – Copleymedaljen

Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Josiah Willard Gibbs» frå , den 27. oktober 2013. Josiah Willard Gibbs. (27.02.2013) I Store norske leksikon.

Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:USA-amerikanske kjemikarar Kategori:USA-amerikanske matematikarar Kategori:Termodynamikarar Kategori:Matematikarar på 1800-talet Kategori:Kjemikarar på 1800-talet Kategori:Fysikarar på 1800-talet Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Studentar ved Yale University Kategori:Studentar ved Universitetet i Heidelberg Kategori:Tilsette ved Yale University Kategori:Folk frå New Haven Kategori:Copleymedaljen Kategori:Teoretiske fysikarar