Scott var debutplata til Scott Walker som soloartist, opphavleg gjeven ut i Storbritannia på Philips Records i 1967.
Oversyn Scott kom ut berre seks månader etter det tredje albumet til Walker med The Walker Brothers, Images. Blanding av Walker sine originale songar og utvalet av coverversjonar etablerte Walker som ein meir seriøs og melankolsk artist. Borte var beatmusikken og blue-eyed soul-songane som den tidlegare gruppa hadde spelt. Songutvalet fall generelt inn i fire hovudkategoriar: hans eigne songar («Montague Terrace (In Blue)», «Such a Small Love», «Always Coming Back to You»), moderne coverversjonar («The Lady Came from Baltimore», «Angelica»), filmsongar («You're Gonna Hear From Me», «Through a Long and Sleepless Night») og engelskspråklege versjonar av songar skrivne av den belgiske musikaren og låtskrivaren Jacques Brel («Mathilde», «My Death», «Amsterdam»). Brel var ei stor inspirasjonskjelde for låtskrivinga til Walker, og Walker hadde med songar av Brel på dei tre første soloalbuma sine. Walker skildra Brel som 'den viktigaste låtskrivaren i verda'. Det verkelege kuppet til Walker var å få tak i og spele inn dei nye omsetjingane til Mort Shuman av songane til Brel før nokon andre.
Tre songar som truleg vart spelt inn under innspelinga av Scott har sirkulert på piratkopiplater. Desse er «Free Again» (Basile/Canfora/Colby/Jourdan), «I Get Along Without You Very Well» (Hoagy Carmichael) og «I Think I'm Getting Over You» (Roger Cook/Roger Greenaway), sistnemnde spelt inn for ei potensiell singelutgjeving.
Utgjeving og motakking Albumet vart gjeve ut av Philips Records i september 1967 i Storbritannia. Det nådde tredjeplassen på UK Albums Chart, og låg inne på lista i 17 veker. Det vart gjeve ut året etter i USA på Smash Records med tittelen Aloner.
Innhald
Medverkande Scott Walker – vokal Wally Stott – arrangement, dirigent Reg Guest – arrangement, dirigent Peter Knight – arrangement, dirigent Peter Olliff – lydteknikar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Scott (album)» frå , den 29. oktober 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Scott Walker-album Kategori:Debutalbum frå 1967 Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Philips Records-album Kategori:Smash Records-album Kategori:Fontana Records-album