mini|Pitotrøyr på fly vert nytta til å måle farten til flyet i forhold til lufta. Pitotrøyr er eit vinkelforma røyr brukt til måling av trykk i strøymande væsker. Den eine opninga til røyret blir retta mot væskestraumen, og den andre er knytt til eit manometer som viser totaltrykket i væska. Dette røyret blir gjerne kombinert med eit liknande røyr lukka føre, men med ein sideopning som syner det statiske trykket i væskestraumen. Av skilnaden i dei to trykka kan ein rekne ut straumhastigheita. Instrumentet kan brukast til å måle farten for skip og fly og kallast då trykklogg eller pitotlogg. Pitotrøyret vart oppfunnen av den franske fysikaren Henri Pitot (1695–1771).

Kjelder Pitotrør. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 2. november 2013 frå http://snl.no/pitotr%C3%B8r.

Kategori:Måleinstrument Kategori:Måleinstrument for fart Kategori:Flyinstrument Kategori:Franske oppfinningar