Theodore von Kármán () var ein ungarsk ingeniør og fysikar. Han arbeidde mykje med aerodynamikk, og fleire grunnleggende aerodynamiske teoriar er kalla opp etter han, som kármánsk kvervelgate og den teoretiske grensa mellom jordatmosfæren og verdsrommet utanfor, Kármánlinja.
Kármán vart fødd i Budapest i Austerrike-Ungarn under namnet Kármán Tódor og studerte til ingeniør der fram til 1902. Han tok doktorgraden ved universitetet i Göttingen i 1908 og underviste der i fleire år. Men etter at han såg ei flyging vart han så fascinert av flyging at han byrja å forske på aerodynamikk. I 1912 vart han sjef for det aerodynamiske instituttet ved universitetet i Aachen; han fortsette i denne stillinga fram til 1930, berre avbroten av første verdskrigen, då han tente i den austerriksk-ungarske hæren, der han mellom anna konstruerte ein helikopterprototype.
På grunn av hendingane i Europa i starten av 1930-åra flytta han til USA. I 1949 vart han knytt til NATO som konsulent for gruppa for aeronautiske forsøk. Kármán er kjent for sine grunnleggjande aerodynamiske arbeid. Han studerte særleg kvervelstraumar i gassar og væsker og friksjonskreftene ved kvervelrørsler.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Theodor von Kármán» frå , den 4. november 2013.
Kategori:Folk frå Budapest Kategori:Ungarske fysikarar Kategori:Væskedynamikarar Kategori:Aerodynamikarar Kategori:Austerriksk adel Kategori:Ungarsk adel Kategori:Ungarske oppfinnarar Kategori:Ungarske jødar Kategori:National Medal of Science Kategori:Medal for Merit Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Tidlege romfartsforskarar Kategori:Ungarsk-amerikanarar Kategori:Jødiske oppfinnarar Kategori:Austerrik-ungararar under første verdskrigen