Evangelista Torricelli () var ein italiensk fysikar og matematikar.
Han var assistenten til Galileo Galilei dei siste tre månadane av livet til Galilei, og var etterfølgjaren hans som matematikaren til storhertugen i Firenze. Torricelli fann opp kvikksølvbarometeret i 1643 og viste at lufttrykket forklarar naturens horror vacui (frykt for det tomme rommet). Tomrommet til Torricelli er det lufttomme rommet som oppstår på oversida av kvikksølvet i den lukka greina av eit kvikksølvbarometer. I 1644 oppdaga han at ei væske med atmosfæretrykk på overflata vil strøyme ut gjennom eit hol i sida på væskekaret med same fart som ein lekam får ved å falle fritt like langt som den loddrette avstanden mellom væskeoverflata og holet.
Kjelder Evangelista Torricelli. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 5. november 2013.
Kategori:Italienske fysikarar Kategori:Italienske matematikarar Kategori:Italienske oppfinnarar Kategori:Fysikarar på 1600-talet Kategori:Matematikarar på 1600-talet Kategori:Døde av tyfoidfeber