Olaf Martin Devik () var ein norsk fysikar og administrator.
Han tok cand.real. i 1911 og studerte fysikk i Heidelberg 1913–1914. Han vart amanuensis i fysikk ved Universitetet i Oslo i 1914 og tok dr.philos. i 1931. I 1915 fekk han i oppdrag å organisere vêrvarsling og meteorologisk teneste for Nord-Noreg saman med Ole Andreas Krogness. Han vart tilsett ved Halddeobservatoriet frå 1915 til 1918 og ved Geofysisk institutt i Tromsø frå 1918 til 1922. Frå 1922 var han dosent i fysikk ved NTH og dessutan lærar ved Noregs lærarhøgskule frå 1923 til 1932. Han var medlem av Chr. Michelsens institutt frå 1932 til 1938 og ekspedisjonssjef for kulturavdelinga i Kirkedepartementet 1938–1956.
Devik er kjent som pedagog og lærebokforfatter. Han har offentleggjort ei rekkje populærvitskaplege artiklar i dagspresse og tidsskrift. Som leiar av forskingsarbeida ved Chr. Michelsens institutt har han utført viktige studium over ultraraud stråling, ulike belysningsspørsmål og korleis lyd breiar seg i lufta, med omsyn på bruk for å tryggje skipsfarten langs kysten.
Frå 1943 til 1945 var Devik i London som ekspedisjonssjef for Kirkedepartementet der. Etter andre verdskrigen la han ned eit stort arbeid med å bringe undervising og forsking ved norske høgare læreanstaltar på fote att, mellom anna ved skipinga av dei vitskaplege forskingsråda. Har utgjeve Blant fiskere, forskere og andre folk (1971).
Kjelder
Kategori:Norske fysikarar Kategori:Norske geofysikarar Kategori:Norske meteorologar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Elevar ved Universitetet i Oslo Kategori:Norske sivilarbeidarar Kategori:Nordmenn frå andre verdskrigen Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Medlemmar av Norges Tekniske Vitenskapsakademi Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Nordstjerneordenen Kategori:Norske hundreåringar Kategori:Folk frå Gjerdrum