mini|Fjellmasivet Trolltindane med Trollveggen, fotografert tvers over Romsdalen Romsdalen, eigentleg Raumas dal etter elva Rauma som renn gjennom dalen, er eit trongt dalføre mellom høge fjell frå Romsdalsfjorden ved Åndalsnes i Rauma kommune i Møre og Romsdal til Lesjaskogsvatnet i Lesja kommune i Oppland. Fjella Trolltindane (med Trollveggen) og Romsdalshorn er vidgjetne landemerke i dalen.

Jarnbanen Raumabanen og hovudvegen E136 til Sunnmøre og Romsdal frå Austlandet over Dombås går gjennom Romsdalen.

Delar av dalføret er verna ved at det fell innanfor Reinheimen nasjonalpark eller Romsdalen landskapsvernområde.http://www.reinheimen.no/1626.116.Fakta.html lese på nett 13.1.13 Geografi Sidedalar

Dei viktigaste sidedalane til Romsdalen rekna etter sideelvar som renn ut i Rauma: Brøstdalen/Ulvådalen med Ulvåa og Ulvådalsvatnet, kjem frå venstre ved Stuguflåten Vermedalen med elva Verma, Vermevatnet og Vermafossen, frå venstre ved Verma Isterdalen med elva Istra kjem frå venstre litt ovanfor Veblungsnes

Tidlegare låg vasskiljet nærare Romsdalsfjorden slik at Verma og Ulvåa drenerte til Gudbrandsdalen, erosjon og kraftig utgraving har flytta vasskiljet mot Lesja (sørover) slik at de to sidedalane er agnordalar med motsett retning av hovuddalen.

Fjelltoppar thumb|Kalskråtinden er kjend som utgangspunkt for basehopp Nokre kjende fjelltopper rundt hovuddalføret Romsdalshornet 1550 moh. Trolltindan med Store Trolltinden 1788 moh. Trollveggen Breitinden 1797 moh. Store Venjetinden 1852 moh. Kalskråtinden 1803 moh. Romsdalseggen

Busetnad

Ved Raumas utløp i Romsdalsfjorden ligg den gamle tettstaden Veblungsnes og sentrum med jernbanestasjonen Åndalsnes på kvar si side av elva. På Veblungsnes ligger også soknekyrkja Grytten kyrkje og militærleiren Setnesmoen med HV 11 like ved.«HV11 skal bestå». Romsdals Budstikke. 27. desember 2012. s. 15. Oppe i dalen ligg dei små tettstadane Marstein (med Kors kyrkje) og Verma (med Øverdalen kyrkje). Øvst ved Raumas løp i Lesja kommune ligger Bjorli

Ved Brude øvst i dalen går den faste busetnaden opp til 500 moh. Ved Hellands kartlegging rundt 1900 låg dei øvste gardane (Brøstet og Kabben i sidedalen) på omkring 750 moh.

Samferdsle mini|Kylling bru på Raumabanen Raumabanen og E136 går begge gjennom Romsdalen. Raumabanen er det einaste jernbanesambandet i Møre og Romsdal. E136 knyter seg til E6 ved Dombås og er hovudvegen mellom Austlandet og Ålesund/Molde. E136 er det einaste vegsambandet mellom Austlandet og Vestlandet som ikkje går over skoggrensa.

Bruer på offentleg vegnett Sogge bru knyter E136 saman med fylkesveg 63 E136 kryssar hovudelva nær utløpet over Rauma bru (ca 1962). Grøttørbrua (Grøtør bru) biltrafikk mellom Åndalsnes og Veblungsnes til Rauma bru opna. Ho vart heilt stengd for bilar frå 1997.Torvik, Inge mfl: Samfunn og ferdsel. Molde: Møre og Romsdal fylkesbåtar, 2000.

Opphavleg var Veblungsnes strandstad og dampbåtkai for Romsdalen og turistar gjekk i land der. Frå slutten av 1800-tallet gjekk dampskipa til Åndalsnes i staden.

Køyre- og rideveg Den gamle vegen over Lesja og gjennom Romsdalen var truleg ein viktig veg for bøndene i Nord-Gudbrandsdalen og fjellbygdene rundt, mellom anna for tilgang til havet og handelsvara salt. Den var også ein viktig handelsveg først til kaupangen på Veøya i Romsdalsfjorden deretter til Romsdalsmarkedet ved nederst i Romsdalen. På Lesja var det frå 1660 også jernverk som slede produkt på Romsdalsmarkedet. Vegen opp Romsdalen og over Lesja var også lettaste landeveg til Austlandet, den går opp berre i 600 meter høgd og gjennom samanhengande bygdelag.Torvik, Arne Inge (2000): Om samferdsel i Møre og Romsdal. Del II: Samfunn og ferdsel. Utgitt av MRF, Molde.

Før jernbana vart lagt gjennom Gudbrandsdalen vart heile strekninga Åndalsnes/Veblungsnes-Lillehammer på slutten av 1800-tallet køyrt med diligenser. Vegen gjennom Romsdalen var opphavleg ein rideveg eller kløvsti som kring 1800 vart utvida til kjøreveg (4 meter brei). I 1822 vart den postveg mellom Tofte (Dovre) og Veblungsnes, og i 1825 klassifisert som hovudveg.Statens vegvesen (2001): Vegminner i Møre og Romsdal. Utgitt i Molde. Torvik skriv at det var køyrande vegstrekningar i Romsdalen på 1700-tallet. Kring 1820 vart det oppretta skyssvesen med stasjonar på Veblungsnes, Horgheim, Flatmark, Ormem (Verma) og Brude. Først i 1844 skal vegen ha vært fullt køyrande gjennom heile Romsdalen, og kring 1850 var dette utanom vegen over Filefjell til Lærdalsøyri den einaste køyrevegen mellom Austlandet og Vestlandet.Skarra, Nils (1977): «Vegtransport». I D. Bjørnland (red.): Innenlands samferdsel i Norge siden 1800. Oslo: Grøndahl. I 1860 vart garden Næs (dagens Åndalsnes) på høgre side av Rauma vald som endepunkt for køyrevegen, i staden for den gamle strandstaden og endepunkt Veblungsnes. Grunngjevinga for Åndalsnes framfor Veblungsnes som endepunkt var at Åndalsnes gav betre høve for samband via Isfjorden og Åfarnes til Molde, at Åndalsnes hadde betre hamn og dessuten at Åndalsnes var betre for ein framtidig by. I 1869 vart vegen forbi Bjørnekleiva øvst i dalen lagt i to slyng frå garden Kleiva til fylkesgrensa, hårnålssvingane var del av i riksvegen til 1961. I 1946 vart vegen gjennom Romsdalen knytt til samanhengande køyreveg langs Romsdalsfjorden til Ålesund.

Bøndene hadde i eldre tid plikt til å skysse embetsmenn på reise. Postgang og turisme førte på 1800-tallet til større trafikk. Veblungsnes vart etterkvart eit viktig knutepunkt for omstiging mellom land- og sjøtransport. Mellom Veblungsnes og Dombås var det åtte skysstasjonar, av desse var fire i Romsdalen: Horgheim, Flatmark, Ormheim (tok over for Kylling og Brude) og Stuguflåten. Skysstasjonens bygg på Ormheim vart øydelagt av jordras i 1926. Stuguflåten er ein gammal stasjon midt mellom Veblungsnes og Dombås. Etter opninga av Raumabanen og meir bruk av bil fekk skysstasjonane ei mindre rolle.

Jernbane Bygginga av Raumabanen tok til i 1912 og bana opna for trafikk frå Dombås til Åndalsnes 29. november 1924. Frå 1924 fram til 1970-årene var Raumabanen hovudkommunikasjonsåra for person- og posttrafikk mellom Møre og Romsdal og hovudstaden. Frå Åndalsnes var det buss til Ålesund, Molde og Kristiansund til og frå kvart tog. Frå 1891 til Raumabanen opna var dampskipsambandet mellom Mørebyane og Trondheim med Rørosbanen det viktigaste sambandet til Austlandet. På Raumabanen er det fleire store bruer, mellom anna Kylling bru ved Verma.

Telegraf Då telegrafen vart bygd ut kring 1860 vart Mørebyane knytt til linja Oslo-Trondheim ved Dovre.http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Telegraf_til_L%C3%A6rdal_i_1858 Sambandet gjekk via Veblungsnes og gjennom Romsdalen til Dovre. Ved sida av sambandet mellom Gjøvik og Lærdalsøyri var dette i 1863 det einaste sambandet over fjellet mellom aust og vest (Stavanger og Bergen hadde også samband med Oslo rundt Sørlandskysten).Thorolf Rafto: Telegrafverkets historie 1855-1955. Bergen: John Grieg

Båtar I eldre tid var det få eller ingen bruer over elva Rauma. Elva vart mange stader kryssa med «eikjer», stor flatbotna båtar for folk og husdyr. Elveisen vart brukt til transport både på langs og på tvers. Tidlegare var det fleire gangbruer (hengebruer), i 1997 var det tre igjen. I åra 1813-1819 vart det lagt ei bru over hovudelva ved Devold - denne «Martnabrua» skulle lette reisa til Romsdalsmarkedet som då var flytta frå Devold til Veblungsnes.Normann, Andreas: Langs Raumavassdraget i kulturminneåret. Utgitt av Rauma kommune, 1997.

Turisme

Turisttrafikk og laksefisket i elva Rauma vart etterkvart viktig på 1800-tallet, særleg for velståande britar. For eksempel kjøpte general William Bromley-Davenbort garden Fiva i 1849 og sikra seg slik lakserettane til dei beste 12 km av elva. Den første golfbana i landet skal ha blitt laga i 1905 ved Hølgenes hotel (seinare kalla Park hotel) av den dåverande engelske eigaren av hotellet. Keiser Wilhelm vitja Romsdalen åtte gonger.

Romsdalen og Romsdalsalpane er sentralt i norsk fjellklatring og første turen til Romsdalshornet i 1828 blir rekna som den første kjende fjellklatring i landet. Den bratte og krevjande Trollveggen er også ein klassisk stad i norsk fjellklatring. William Cecil Slingsby besøkt Romsdalen rundt 1875 og senere.Slingsby, W.C.: Norge den nordlige arena. Skisser fra tindebestigninger og oppdagerferder i norsk natur mellom 1872 og 1921. Oslo: Grøndahl Dreyer, 1998. Arne Randers Heen dreiv klatring i området, og var fleire gonger førstemann.

Historie Under Skottetoget i 1612 marsjerte rundt 300 skotske leigesoldatar gjennom dalen på veg til Sverige. Dei blei stansa nedanfor Otta i Gudbrandsdalen.

Romsdalsmarkedet var lenge eit av de viktigaste årlege marknadane i Midt-Noreg og var i 1830 den einaste offentlege marknaden i Møre og Romsdal.Bjørnland, Dag (1977): Innenlands samferdsel i Norge siden 1800. Oslo: Grøndahl. Marknadsplassen var lenge på garden Devold nedst i dalen og blei flytta til Veblungsnes i 1820 og ble avvikla som lovpålagt institusjon i 1875. Marknaden hadde årleg fleire tusen tilreisande frå Øvre Gudbrandsdal, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Sogn og Fjordane.

Fornminne Ved Horgheim er det over hundre gravrøyser og spor etter gardar frå folkevandringstida (om lag år 375-800). I høgfjellet er det svært gamle innretningar for reinsjakt, mellom anna dyregraver og «bogesteller».

Andre verdskrigen Dei første norske soldatane kom 10. april til mobiliseringstaden på Setnesmoen. Møre og Romsdal var ulikt Austlandet, Bergen og Trøndelag fortsatt fritt og kunne mobilisere uhindra. Omkring 3000 norske soldatar var etterkvart samla. Dei sivile på Åndalsnes og Veblungsnes blei evakuert til nabobygdene. Det blei sett opp sjukestover på Åndalsnes ved sjøen, på Venge og Flatmark oppe i dalen. 13. april ble 800 soldatar sende med tog mot Dombås der dei dagen etter kom i kamp med tyske fallskjermsoldatar. Tyske fangar blei sende ned dalen og det blei oppretta fangeleir mellom anna i Isfjorden. Dei dagane bombinga var på det mest intense fall det omkring 400 sprengbomber og 500 brannbomber over Åndalsnes, Veblungsnes og området rundt.

Tidleg i andre verdskrigen spelte Romsdalen med Åndalsnes ei viktig rolle under felttoget i Noreg i 1940. Oslo, Bergen og Trondheim blei hærtekne med ein gong av den tyske invasjonsstyrken, medan Åndalsnes som einaste hamn med jernbane mellom Trondheim og Bergen fortsatt var fritt. Britiske styrkar blei landsatt på Åndalsnes 12.–18. april. Samstundes held tyske fallskjermstyrkar Dombås i fem dagar før Dombås blei frigjort av lokale norske styrkar. Omkring 150 tyske krigsfangar blei sende med tog til Åndalsnes og vidare til fangeleir. Kvelden 18. april byrja landsettinga av den britiske 148. brigade på Åndalsnes og dei sette opp leir nokre kilometer oppe i Romsdalen. Oppdraget var å sikre knutepunktet Dombås og å hindre den tyske invasjonsstyrken å sende forsterkingar og forsyningar over Dovre til Trondheim. Dei første britiske soldatane blei sende mot Dombås 19. april og held fram vidare mot Øyer i Gudbrandsdalen for å støtte dei norske forsvarsstyrkane.

Norges Banks gull blei frakta gjennom Romsdalen med jernbane. Tyske hærstyrkar tok over Åndalsnes 2. og 3. mai.http://www.andalsnes-avis.no/frapapir/article207701.ece (avisartikkel basert på boka 1940 av Rolf Larsen)Åndalsnes i Norsk Krigsleksikon 1940-1945, J. W. Cappelen Forlag A/S, oppslag 6. mai 2014. Den tyske sjefen, generalen Richard Pellengahr, budde først på Åndalsnes (Park Hotell) og flytta deretter med sin stab inn på garden Fiva i Romsdalen. Fiva hadde lenge høyrt til den rike engelske Davenport-familien. Bileta av den norske og den engelske kongefamilien blei hengande medan Pellengahr brukte Fiva. Inventaret på Fiva skal heller ikkje ha blitt stole eller skada.