Sophus Septimus Henrichsen () var ein norsk fysikar frå Kragerø.

Henrichsen tok reallærareksamen i 1871 og studerte 1878–79 fysikk i Berlin og Leipzig. 1873–1879 var han amanuensis ved det fysiske kabinettet ved universitetet i Kristiania, og frå 1890 overlærar ved Kristiania tekniske skole.

Henrichsen offentleggjorde undersøkingar over den spesifikke varmen til vatnet og over magnetisme i organiske sambindingar i Annalen der Physik und Chemie. Ei av desse avhandlingane vart løna med Gullmedaljen til kronprinsen. Dessutan studerte han omnar, teori for tørking, og skreiv fleire lærebøker.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sophus Henrichsen» frå , den 8. november 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Norske fysikarar Kategori:Folk frå Kragerø