Balalaika er eit luttaktig strengeinstrument av russisk opphav. Det har ein karakteristisk triangulær kropp og tre strengar. Instrumentet blir laga i seks ulike storleikar frå piccolo til kontrabass. Prima-balalaika er den vanlegaste typen.
mini|venstre|Balalaika-orkester Ein speler prima-, secunda- og alt-balalaika ved å klimpra på strengane med fingrane eller eit plekter. Til bass- og kontrabass bruker ein lêr-plekter. Til piccolo-instrumentet blir det også vanlegvis brukt eit plekter. Strengane kling ikkje lenge etter anslag, så ein speler ved å slå dei an ganske raskt.
To av strengane er vanlegvis stemte til same tone, medan den tredje vanlegvis er stemt ein kvart høgare. Prima-balalaika er vanlegvis stemt E4–E4–A4. Balalaikaen kan også stemmast «som gitar» av folkemusikarar med G3–B3–D4, som dei tre høgaste strengane på russisk gitar. Dette gjer det lettare å spela for russisk gitarspelarar. Balalaikaen kan også stemmast E4–A4–D5, likt domrastemming, for å gjera det lettare for dei som har lært å spela domra å spela balalaika.How to tune a Balalaika www.get-tuned.com, henta 30. januar 2021 Andre folkemusikkstemmingar er D4–F4–A4 og C4–E4–G4.
Historie Balalaikaen blei utvikla frå domraen. Ordet «balalaika» er fyrst nemnt i eit russisk dokument frå 1688,Belinskiy, Dmitry. "Balalaika". Krymskaya Pravda. Balalaika music, video. då to personar blei arresterte for å spela balalaika og synga på gata. Det opptrer vidare i eit dokument frå Verkhotursky distrikt datert oktober 1700, og i eit dokument underskrive av Peter den store frå 1714 knytt til bryllaupsfeiringa til N.M. Zotov i Sankt Petersburg. På ukrainsk er ordet fyrst nemnt på 1700-talet som «balabaika», denne forma finn ein også i sørrussiske og kviterussiske dialektar, og i russisk Sibir.Історичний словник українського язика (eng. Historical dictionary of the Ukrainian language) Під ред. Є. Тимченка; укл.: Є. Тимченко, Є. Волошин, К. Лазаревська, Г. Петренко. — К.-Х., 1930–32. — Т. 1. — XXIV + 948 с. Зошит 1: А — Глу. — С. 52. I løpet av 1700-talet blei instrumentet svært populært i Russland, og i 1780 skreiv Jean-Benjamin de La Borde at ein kunne finna instrumentet i kvar heim i Russland, og at det knapt var ein bonde som ikkje kunne spela det.
Vasilij V. Andrejev (1861-1918) standardiserte balalaikafamilien med (piccolo, prime, secunda, alt, bass og kontrabass) i 1880-åra.
Galleri
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Balalaika» frå , den 29. mars 2021.
Kategori:Klimpreinstrument Kategori:Russisk folkemusikk Kategori:Russiske musikkinstrument