Walther Hermann Nernst () var ein tysk fysikar og kjemikar. Han var ein av grunnleggjarane av den moderne fysiske kjemien, og bidrog innan elektrokjemi, termodynamikk og fotokjemi. Han er òg kjent for å ha oppdaga Nernst-likninga. Han fekk Nobelprisen i kjemi i 1920.
Liv Etter artium ved gymnasiet i Graudenz studerte han i Zürich, Berlin og Graz. Der samarbeidde han med Albert von Ettingshausen (Ettingshausen-Nernst-effekten) og Ludwig Boltzmann. Han tok doktorgraden i 1887 under rettleiing av Friedrich Kohlrausch i Würzburg. I 1889 habiliterte han under rettleiing av Wilhelm Ostwald i Leipzig. 1889 vart han assistent og privatdosent for Eduard Riecke i Göttingen.
1892 vart han gift med Emma Lohmeyer, dotter av ein medisinprofessor og kirurg frå Göttingen. I ekteskapet fekk han døtrene Hildegard, Edith og Angela og sønene Rudolf og Gustav. Begge sønene fall i første verdskrigen. 1899 skaffa Nernst seg den første privatbilen i Göttingen. Ein vidare lidenskap var jakt. Han slo seg ned i Berlin i 1905. I 1922 kjøpte han riddargodset Ober-Zibelle ved Muskau, der han etter eremiteringa si i 1933 trekte seg tilbake.
Verk Theoretische Chemie vom Standpunkte der Avogadroschen Regel und der Thermodynamik. Stuttgart 1893 mit A. Schönflies: Einführung in die mathematische Behandlung der Naturwissenschaften. München 1895 Die theoretischen und experimentellen Grundlagen des neuen Wärmesatzes. Halle 1918
Litteratur Hans-Georg Bartel: Walther Nernst. Teubner, Leipzig 1989, ISBN 3-322-00684-0
Galleri
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Walther Nernst» frå , den 11. november 2013.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tyske fysikarar Kategori:Tyske kjemikarar Kategori:Tyske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisen i kjemi Kategori:Elevar ved Humboldt-Universität zu Berlin Kategori:Folk frå Wabrzezno fylke Kategori:Folk frå provinsen Preussen Kategori:Termodynamikarar Kategori:Elevar ved Universitetet i Graz Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Elevar ved Universitetet i Würzburg