Reststråling er den strålinga som blir tilbake når infraraud stråling blir reflektert fleire gonger frå fleire like krystall. Den kraftige refleksjonen kjem av resonans mellom den reflekterte strålinga og svingingar i molekyla til det reflekterande stoffet. Strålinga inneheld difor berre ein eller nokon få avgjorde bølgjelengder. Ved å måle den karakteristiske bølgjelengda for reststrålinga kan ein få opplysningar om oppbygginga til krystalla. Reststråling vart oppdaga av den tyske fysikaren Heinrich Rubens og den amerikanske fysikaren Ernest Fox Nichols i 1897.

Kjelder

Kategori:Stråling