Olav Olavsson Fetveit () var ein lærar frå Vinje i Telemark.

Fetveit tok eksamen ved Asker seminar i 1843, samstundes med sambygdingen Aasmund Olavson Vinje. Fetveit vart omgåande tilsett som skulelærar og kyrkjesongar i heimbygda, stillingspostar som A.O. Vinje meinte å ha fått lovnad på. Fetveit skreiv mange viser på Vinje-mål, mellom andre «Kaffivisa». Nokre av visene hans er prenta i Magnus Brostrup Landstad sine Folkeviser.

Fetveit, som budde sentralt i Vinje, dreiv eit lite gardsbruk ved sidan av den livsvarige lærar- og klokkar-gjerninga.

Kjelder Norsk Allkunnebok. IV, bandet. 1952

Kategori:Norske lærarar Kategori:Folk frå Vinje