mini|Sabayon mini|Sabayon au champagne.

Zabaione eller zabaglione er ein dessertkrem laga av vispa eggeplomme, sukker og søt vin. Retten stammar frå Italia og er kjend frå mange land under litt ulike namn, som sabayon i Frankrike og sabajón i Colombia.

Ein lagar som regel zabaion ved å vispa eggeplomme og sukker. Deretter varmer ein retten over vassbad medan ein tilset vinen under fortett visping eller røring. Ofte bruker ein marsalavin eller Moscato d'Asti, men andre søte vinar, portvin eller søt sherry kan også brukast. Retten skal vera tjukk, men ikkje heilt stiv. Han blir servert straks etter tillaging.

Zabaione kan etast som rett for seg eller saman med frukt, bær, småkaker og liknande. Ein kan tilsetja smaksstoff som sitronskal eller honning. Retten kan ogå brukast som dessertsaus, eller til å laga andre dessertrettar som tiramisu.

Ein variant er nedfrosen zabaione, eller zabaione som iskremsmak.

Sjå òg Eggedossis Eggetoddy Rompope Advocaat Kogel mogel Coquito Eierpunsch Amazake

Sabayon Linux, ein linuxdistribusjon kalla opp etter retten

Bakgrunnsstoff Seriously Italian: Zabaione, My Way, seriouseats.com

Kjelder

Zabaione (15. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 21. november 2013. zabaglione; zabaione Frå The Food Lover's Companion, Fourth edition by Sharon Tyler Herbst and Ron Herbst. Copyright © 2007, 2001, 1995, 1990 by Barron's Educational Series, Inc. ved foodterms.com Oppskrifter Zabaione, vg.no classic zabaione , lacucinaitalianamagazine.com Zabaglione, simplyrecipes.com

kategori:Italiensk mat kategori:dessertar