Tavastehus (finsk Hämeenlinna) er ein by og ein kommune i Kanta-Häme i Finland. Kommunen, som har over 67 000 ibuarar, har ei flatevidd på 2 031,5 km² fordelt på to åtskilde landområde. Byen ligg 98 km nord for Helsingfors, og 75 km søraust for Tammerfors.

Finsk språk er heilt dominerande i kommunen.

Soge Tavastehus vart formelt sett ein by i 1639, under Per Brahe den yngre si tid som Sveriges generalguvernør over Finland. I 1778 vart byen flytta ein kilometer sørover, der bysentrum framleis er.

mini|venstre|Rådhuset i Tavastehus Etter ein brann i 1831 vart Tavastehus oppattbygt etter ein heilskapleg byplan med breie gater. Byen fekk jarnbanesamband med Helsingfors i 1862, langs Finlands første jarnbanestrekning.

Ymse Komponisten Jean Sibelius var frå Tavastehus.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tavastehus» frå , den 30. november 2013.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Finland Kategori:Kommunar i Finland