Per Brahe den yngre () var ein svensk greve og riksdrott frå 1640 til han døydde.

Per Brahe blei utnemnd til riksråd av kong Gustav II Adolf av Sverige i 1630. I 1637 blei han generalguvernør over Finland, og i 1641 blei han utnemnd til den fremste embetsmannen i riket som riksdrott. I 1650 blei han forlena med friherreskapet Kajana i Finland, etter at han tidlegare hadde hatt det såkalla Braheslott len i Savolax.

Som guvernør over Finland bidrog Brahe til grunnlegginga av byane Tavastehus og Nyslott (1639), Brahestad, Kristinestad, Kristina og Villmanstrand (1640), Kajana (1651) og Brahea i nordre Karelen og Veckelax Nystad (1653). Han medverka også til at Helsingfors blei flytta nærare havet.

I 1640 var Brahe med på å skipa Kungliga akademien i Åbo, i dag vidareført som Helsingfors universitet.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Per Brahe» frå , og «Per Brahe» frå den 1. desember 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Svenske grevar Kategori:Svenske riksrådar Kategori:Svenskar på 1600-talet Kategori:Finland på 1600-talet Kategori:Finske generalguvernørar